Studieleiar (rådgjevar) ved Institutt for informatikk
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- November 24, 2026
About this job
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/LlM1uxJXqBQ?si=p0jl8Ea22p5PjcAb Vil du vere med å skape framifrå undervisning? Institutt for informatikk har ei ledig fast stilling som studieleiar (rådgjevar). Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til utvikling av studieadministrasjonen i eit sterkt fagmiljø - og som likar å jobbe tett på både studentar, undervisarar og studieprogram. Som administrativ leiar for denne spanande og utfordrande studiedrifta, søkjer vi no ein ny, trygg, kompetent og ambisiøs studieleiar ved Institutt for informatikk. Som leiar av vår studieseksjon blir du med i eit solid og velfungerande lag beståande av studieleiar og fire studiekonsulentar. Seksjonen arbeider direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for saksbehandling, rettleiing og vidareutvikling av utdanningstilboda våre. Du blir òg ein del av det godt etablerte nettverket for studieadministrative medarbeidarar ved Fakultet for naturvitskap og teknologi. Studieleiar rapporterer til administrasjonssjefen. Studieseksjonen er del av ei instituttadministrasjon som totalt har med 13 medarbeidarar. Målet til administrasjonen er å leggje best mogleg til rette for forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet. Om instituttet Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer informatikk stadig viktigare i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen skal lukkast. Institutt for informatikk bidreg gjennom åtte forskingsgrupper innan algoritmar, bioinformatikk, fagdidaktikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. I tillegg har vi Center for Data Science (CEDAS), UiB Kvante, Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab. Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Vi har om lag 1000 studentar og 150 tilsette, inkludert 35 professorar/førsteamanuensar. Arbeidsoppgåver Leiing og ansvar for instituttet sin studieadministrasjon. Stillinga er ei arbeidsleiarstilling, det vil seie ein stilling med fagleg leiaransvar, utan personalansvar. Overordna ansvar, kvalitetssikring og utvikling av instituttet sine studieprogram på bachelor-, master- og ph.d.-nivå i samråd med programstyra. Informasjon til studentar gjennom rettleiing og orienteringsmøte. Sakshandsaming på studiesaker (utgreiing og høyringar). Stillinga inngår i studieseksjons-teamet og vil måtte ta arbeidsoppgåver frå den felles porteføljen. Samarbeid med tilsette både på instituttet og fakultetet. Oppgåveporteføljen kan bli endra over tid. Kvalifikasjonar og eigenskapar Du må ha: Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. Relevant praksis. Gode analytiske evner og erfaring frå utgreiings- og utviklingsarbeid. Svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Høg grad av fleksibilitet og serviceinnstilling. Evne og vilje til å ta ansvar og oppnå gode resultat. Evne til å takle periodevis stort arbeidspress. Det er ein føremon om du har: Erfaring med fagleg leiing. Erfaring frå studiefeltet. Kjennskap til FS eller andre relevante dataverktøy. Erfaring med strategisk arbeid. Personlege eigenskapar Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga, mellom anna: Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta. Evne til å vidareutvikle og forbetre interne rutinar. Fleksibilitet, initiativ og problemløysingsevne. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Evne til å prioritere i ein hektisk kvardag. Vi kan tilby Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø. Fast stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønnspenn 680 000 – 750 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Fleksibel arbeidstid. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons- og låneordningar. Gode velferdsordningar. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Espen Klungseth Rotevatn, administrasjonssjef Telefon: E-post: For HR-relaterte spørsmål: Maria Svåsand, HR-rådgjevar Telefon: E-post: Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar særleg menn til å søkje stillinga. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om i
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar? · Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF
- Reinhaldsoperatør/Reinhaldar · Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift reinhald, Helse Bergen HF
- Byplanlegger i seksjon Private planer (1 fast stilling og 1 vikariat) · Plan- og bygningsetaten, Bergen kommune
- Helsefagarbeider i 100 % fast stilling! · Slettemarken behandlingssenter, Bergen kommune
- Er du jurist med interesse for anskaffelser og kontraktsforvaltning? · Fiskeridirektoratet
- Senior scientific project coordinator · NORCE Research AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card