Reinhaldsoperatør/Reinhaldar

Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift reinhald, Helse Bergen HF · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift reinhald, Helse Bergen HF
Location
Bergen
Posted
November 22, 2026

About this job

Hospitaldrift Reinhald har ledig 5x100% vikariat stillingar som Reinhaldsoperatør/Reinhaldar med oppstart snarast. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger. Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette. Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil bestå i regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver Arbeidstid: Turnus arbeid dag/kveld/helg Kvalifikasjonar Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar Det vil bli lagt vekt på personleg egnetheit Personlege eigenskapar Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team Må kunne følge, og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid Vi tilbyr Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter Bedriftsidrettslag Gode pensjons- og forsikringsordningar Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Gintare Hidalgo, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5009 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5214297138 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 06.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free