Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar?
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF
- Location
- Bergen
- Posted
- November 22, 2026
About this job
V il du vere med å utvikle og forme ein ny seksjon i MBF? Frå 1. mars 2027 blir preanalytisk seksjon og seksjon for pasientnær analysering samla til éi felles eining. Vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert assisterande seksjonsleiar som ønskjer å vere med på å bygge opp, utvikle og forme den nye seksjonen. Dette er ei spennande moglegheit for deg som trivst med ansvar, samarbeid og utviklingsarbeid. I tett samarbeid med seksjonsleiar og ein annan assisterande seksjonsleiar vil du få ei sentral rolle i medarbeidaroppfølging, ressursplanlegging og vidareutvikling av arbeidsprosessar og tenester MBF står framfor fleire viktige utviklings- og endringsprosessar i åra som kjem. Som assisterande seksjonsleiar får du vere med på å forme den nye seksjonen og bidra til vidare utvikling av laboratorietenestene i avdelinga. Litt om oss Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene innan medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS. Verksemda omfattar rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189. Arbeidsoppgåver Tett samarbeid med seksjonsleiar Bidra til å vidareutvikle arbeidsprosessar, kvalitet og samhandling på tvers av fagområde Medansvar for drift, bemanning og ressursplanlegging Medansvar for økonomi og budsjettoppfølging Stedfortredar for seksjonsleiar Personalansvar for fagbioingeniørar og bioingeniørar i PNA-gruppa Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som bioingeniør Minimum 2 års relevant erfaring frå medisinsk laboratorium Erfaring frå koordinering, fagansvar eller leiing er ein fordel Erfaring med pasientnær analysering og pasientnære instrument er ønskjeleg Erfaring frå endrings-, forbetrings- eller utviklingsarbeid er ønskjeleg God munnleg og skriftleg framstillingsevne med norsk som hovedmål Personlege eigenskapar Er engasjert i medarbeidarar, fagmiljø og organisasjonsutvikling Trivst med ansvar og tar initiativ Arbeider strukturert og målretta Har gode samarbeidsevner og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø Er løysingsorientert og handterer endringar på ein konstruktiv måte Du motiverast av å skape gode resultat saman med andre, og ser verdien av å kombinere dagleg drift med utviklings- og forbetringsarbeid. Vi tilbyr Fagleg og personleg utvikling Varierte arbeidsoppgåver i eit fagmiljø med høg kompetanse Dagstilling utan vakter Løn etter avtale Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Nina Marie Namtvedt, Seksjonsleiar,, Ingunn Børø, Sjefbioingeniør,, Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5210339501 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Join NordicNeuroLab in developing electronics for the iMRI environment! · NordicNeuroLab AS
- Seksjonsleiar ved Kronstad DPS, · Kronstad DPS/ Seksjon for gruppebehandling, Helse Bergen HF
- Lege i utdanningsstilling - fordjuping · Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
- Tilkallingsvikarar - reinhald · Helse Bergen HF
- Barnehagelærer, Pedagogisk leder · Nordnes oppveksttun barnehage, Bergen kommune
- Prosjekteringsgruppeleder/Prosjektutvikler · Consto Bergen AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card