Tilkallingsvikarar - reinhald

Helse Bergen HF · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Helse Bergen HF
Location
Bergen
Posted
November 19, 2026

About this job

Bemanningssenteret søker tilkallingsvikarar til oppdrag i Hospitaldrift Reinhald. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Hospitaldrift Reinhald. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane. Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i sju seksjonar og har ca. 350 tilsette. Hovudoppgåvene er regelmessig reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger. I reinhaldsseksjonane våre vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette. Tilkallingsvikarane våre vil kunne få opplæring i fleire einingar og vere ein viktig ressurs i sjukehuset si daglege drift. Vi søker deg som likar variasjon i oppgåvene, og samtidig er god til å følge gjeldande rutinar for god kvalitet i arbeidet. Hovudarbeidstida er 07-15, men vi har også mange vakter på ettermiddag/kveld med variabel start- og slutt tid. Arbeidsoppgåver Arbeidoppgåver vil hovudsakleg vere utføring av regelmessig reinhald, smittevask samt andre reinhaldsoppgåver Vi treng vikarar både til dagvakter og seinvakter, kvardagar og helg Kvalifikasjonar Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget, til dømes gjennom arbeid ved helseinstitusjon, i hotell- og sørvisnæringa eller frå kurs- og konferansedrift Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er også av interesse Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene Personlege eigenskapar Sørvisinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst Gode samarbeidsevner Kunne jobbe både i team og sjølvstendig Ansvarsbevisst, strukturert og punktleg Kunne utføre og trivast med eit arbeid som til tider kan vere fysisk krevande Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overreinskomst Kurs- og utviklingsmoglegheiter Bedriftsidrettslag Ein veldriven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Cathrine Fauske-Haferkamp, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5213321462 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 07.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free