Lege i utdanningsstilling - fordjuping

Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
Location
Bergen
Posted
November 19, 2026

About this job

Laboratorieklinikken i Helse Bergen er ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i landet. Laboratorieklinikken har over 900 tilsette og er fordelt på åtte einingar: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Avdeling for patologi, Mikrobiologisk avdeling, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Avdeling for medisinsk genetikk, Kreftgenomikk, Biobank Haukeland og Seksjon for bioinformatikk. Laboratorieklinikken har stor forskingsaktivitet og godt samarbeid med andre sjukehus og universitet. Det lysast ut fordjupingsstillingar for LIS for ein periode på to år. Stillingane vil vere delt 50/50 mellom forsking og rutinearbeid innan eit av dei 6 laboratoriefaga (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, medisinsk genetikk, klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi). Både interne og eksterne kandidatar er velkommen til å søke stillingane. For eksterne søkarar blir kandidaten oppfordra til på førehand å ta kontakt med avdelingssjef ved aktuell avdeling der ein ønsker spesialistutdanning for å diskutere aktuelle forskingsprosjekt. For interne søkarar ber vi om at søknad om fordjupingsstilling for LIS forankrast med avdelingssjef. Arbeidsoppgåver Etablere og iverksette eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Prosjektet skal forankrast i eitt av forskingsmiljøa i Laboratorieklinikken Prosjektet må gjennomførast innan ein av laboratoriespesialitetane, og søkar må angi kva spesialitet/avdeling ein søker stilling ved. Søkar vil høyre til den aktuelle avdelinga i prosjektperioden 50% rutinearbeid som LIS og 50% forsking Kvalifikasjonar Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling Ferdigheiter og kunnskap som er nødvendig for å utføre arbeidsoppgåvene Tidlegare publikasjonar og forskingserfaring blir vektlagd Prosjektets kvalitet og relevans for Laboratorieklinikken vert vektlagd Kvalitet på forskingsmiljøet blir vektlagd Personlege eigenskapar Interesse for forsking Gode samarbeidsevner Evne til sjølvstendig arbeid og å drive prosjekt framover Personlege eigenskapar vert vektlagd Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Engasjerte og kunnskapsrike kollegaer Løn etter gjeldande avtale Legg ved eventuell publikasjonsliste og ei kortfatta prosjektbeskriving (maks 3 sider). Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Linda Sleire, Ass. klinikkleiar, Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5207700244 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 217 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication75% of postings
  • Palliative Care16% of postings
  • Hygiene11% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free