Overlege barne- og ungdomspsykiatri
DØGNSEKSJON PHBU OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- DØGNSEKSJON PHBU OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Ålesund
- Posted
- November 24, 2026
About this job
Vi har ledig eit års vikariat for spesialist i barne- og ungdomspsykiatri ved døgneininga i Ålesund. Oppstart 4 januar eller etter avtale. Vi er på jakt etter en dyktig og engasjert spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, med evne til å jobbe både sjølvstendig og i team. Vi ser etter deg som innehar ein høg fagleg standard og gode relasjonelle ferdigheiter. Du er fleksibel, strukturert og initiativrik. Hos oss blir du del av eit fagleg godt fellesskap, og vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit trivelig arbeidsmiljø. Døgneininga vår er saman med dei 4 poliklinikkane i fylket det som utgjer psykisk helsevern for barn og ungdom. Eininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Vi er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund og arbeider for eit felles fagmiljø. Ein kan også få oppgåver knytta til poliklinikken. Vi tek imot pasientar med alvorlige psykiske lidingar, både til frivillig innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Arbeidsdagane på eininga er varierte, både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling. Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og de vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Arbeidsoppgåver Psykiatrisk utgreiing og diagnostiske vurderingar, medisinering Delta aktivt i tverrfagleg behandlingsteam Rettleiing/supervisjon av LiS Ta del i legemøter saman med tilsette i poliklinikken i Ålesund, og i avdelinga sine legemøter undervising Medvirke i fagleg utviklingsarbeid for å møte framtida sitt behov for helsetenester Deltaking i bakvaktsordning Kvalifikasjonar Norsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri og gjerne med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern for barn og ungdom Må mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg Søkjarar som er på slutten av si spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri kan også vere aktuell for stillinga Personlege eigenskapar Evne og vilje til samarbeid og omstilling Gode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer Interesse for fag- og organisasjonsutvikling, og for forbetringsarbeid Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid Ha evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs Ha evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø Å vere personelg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her Kontaktinformasjon Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Geilebergvegen 18 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5215213440 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 09.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 213 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Sjukepleiar · Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Sykepleier 80% natt · Åse helsehus, Ålesund kommune
- Sjukepleiar, 100 % fast stilling ved avd. Lillegjerdet · Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune
- Sjukepleiar/spesialsjukepleiar · Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
- Tannhelsesekretær søkes til vår trivelige praksis i Ålesund · Sentrum Tannklinikk Ålesund As
- Lege ØHD (KAD) kombinasjonsstilling · Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card