Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Ålesund
- Posted
- November 10, 2026
About this job
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!! Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr Vi har ledig: 100 % fast stilling 90 % fast stilling 80 % fast stilling Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Det kan også vere mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg. Arbeidsoppgåver Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane. Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve. Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar. Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik. Rettleiing av studentar og kollegaer. Samhandling med kommunar. Kontinuerlig forbetringsarbeid. Kvalifikasjonar Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar. 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2. Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav. Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet. Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst og strukturert. Du har eit fagleg engasjement. Du viser fleksibilitet og evne til omstilling. Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig. Du har gode kommunikasjonsferdigheiter. Du er positiv og har gode haldningar. Du er pasientorientert. Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Internundervisning, samt egne fagdagar 2 gongar i året Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar,, Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5206531473 Stillingsprosent: 100, 90, 80% Fast Søknadsfrist: 25.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- sykepleier / vernepleier · Psykisk helse og rus, Ålesund kommune
- Lege i spesialisering, Rus- og avhengigheitsmedisin · TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF
- Sjukepleiar/spesialsjukepleiar · Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
- Tannhelsesekretærstillingar ved Ålesund kompetanseklinikk · Ålesund kompetanseklinikk [aalesund_kompetanseklinikk], Møre og Romsdal fylkeskommune
- Tannhelsesekretær søkes til vår trivelige praksis i Ålesund · Sentrum Tannklinikk Ålesund As
- Helsefagarbeider 100% stilling Spjelkavik Øst hjemmetjeneste · Åse-Blindheim heimetenestedistrikt, Ålesund kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card