Sjukepleiar, 100 % fast stilling ved avd. Lillegjerdet

Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune · Ålesund

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune
Location
Ålesund
Posted
November 5, 2026

About this job

Vil du bli vår nye sjukepleiar på Lillegjerdet? Vil du ha ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkompetansen din, bli kjend med bebuarane og bidra til gode dagar? Hos oss får du faglege utfordringar, gode kollegaer og ein turnus med samanhengande friperiodar. Vi søkjer ein sjukepleiar til 100 % fast stilling ved avdeling Lillegjerdet på Spjelkavik omsorgssenter. Ein av våre dyktige sjukepleiarar går snart av med pensjon, og no håpar vi at du vil bli vår nye kollega! Om avdelinga Lillegjerdet er ei langtidsavdeling med ni bebuarar. Du får ei viktig rolle i å sikre heilskapleg pleie og omsorg, gjere sjukepleiefaglege vurderingar og bidra til ein trygg og god kvardag for kvar enkelt. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø der vi samarbeider, deler kompetanse og støttar kvarandre i kvardagen. Ein turnus med rom for fritid Hos oss får du: 100 % fast stilling Langvakter på inntil 13,5 timar Arbeid kvar fjerde helg Turnus over 52 veker med samla friperiodar Bli ein del av laget vårt! Spjelkavik omsorgssenter har 55 sjukeheimsplassar fordelte på sju avdelingar, og du blir ein del av eit større fagmiljø med eit felles mål om å gi bebuarane gode og trygge tenester. Stillinga er ledig frå 1. februar 2027, eller etter avtale. Har du lyst til å gjere ein forskjell – og samtidig få ein turnus med rom for livet utanfor jobb? Vi håpar å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen) Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfølging Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen Kvalifikasjonar Autorisasjon som sykepleiar 3. års sykepleiestudenter kan søke, men ansettes med forbehold om godkjent autorisasjon Relevant erfaring er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR) Beherske IKT-verktøy Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm). Personlege eigenskapar Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar Et støttende og engasjert kollegialt miljø Sjølvstendig og samarbeidsorientert Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Nytenkande og endringsvillig Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyr Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff Pensjonsordning i henhold til tariff Bedriftshelsetjeneste IA bedrift Eventuelt….. Parkering, og offentlig transport i nærheten… Kontaktinformasjon Arnold Saberon, Avdelingsleiar,, Arbeidsstad Olav Sundes veg 2 6018 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5199712002 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free