Overlege Radiologi
AVDELING FOR RADIOLOGI ÅLESUND OG VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- AVDELING FOR RADIOLOGI ÅLESUND OG VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Ålesund
- Posted
- November 16, 2026
About this job
Er du klar for å bli ein del av laget ved radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus? Som overlege hos oss vil du ha ei nøkkelrolle i mange pasientforløp knytt til både diagnostikk og behandling, der du i tillegg deltek i vaktordning og bidreg i den akutte radiologiske beredskapen. Radiologi er eit fagområde i rask utvikling, og vi står midt i ei tid der ny teknologi gir oss heilt nye moglegheiter – noko du som overlege vil vere med på å forme og ta i bruk. Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim. Hos oss får du brei erfaring med avansert diagnostikk og intervensjonar innan CT, MR, ultralyd og konvensjonell røntgen. Ved brystdiagnostisk senter har vi tett samarbeid mellom radiologi og kirurgi, og vi utfører både generelle og avanserte inngrep i vår moderne angio-/intervensjonslab. Avdelinga har 8 LIS-stillingar og 13,5 overlegestillinger. Overlegane utgjer ei inkluderande og fagleg sterk gruppe med høgt kompetansenivå. Fleire av legane har doktorgrad, og det ligg godt til rette for forskingsaktivitet for tilsette som ønskjer dette. Vi ønskjer no å styrkje laget med fleire engasjerte overlegar som også vil inngå i bakvaktordninga, og som kan bidra aktivt til både fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø. Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller eit besøk. Vi har ledig 1 fast 100 % stilling som overlege med bakvakter i rullerande turnus. Oppstart etter avtale. Intervju skjer fortløpande. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing, men dersom du ikkje har høve før våren/hausten 2027, oppmodar vi likevel til å sende ein søknad. Ved intern omrokering kan andre stillinger bli ledige. Arbeidsoppgåver Utføre og tolke radiologiske undersøkingar Delta i i bakvaktordning, der LIS-legene ivaretar primærvaktsfunksjonen hele døgnet (24/7) Bidra i akuttberedskap og handtering av akutte funn Delta i tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for optimal diagnostikk og pasientforløp Utføre og delta i intervensjonsradiologiske prosedyrar Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i avdelinga Rettleiing og supervisjon av LIS-legar Delta i internundervisning og faglege møter Bidra til forsking og utviklingsarbeid ved interesse Roterer mellom ulike fagområde basert på kompetanse og behov Kvalifikasjonar Spesialistgodkjenning i radiologi Gode faglege kunnskapar innan generell radiologi og gjerne erfaring frå spesialområde som CT, MR, ultralyd eller intervensjon Gode ferdigheiter i norsk Interesse for eller erfaring innen følgende fagområder vil bli vektlagt brystdiagnostikk (BDS), MR hjerte og Gyn/Uro Personlege eigenskapar Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og i team Gode samarbeidsevner og evne til å bidra i eit tverrfagleg miljø Interesse for fagleg utvikling, kvalitetsforbetring og eventuelt forsking Fagleg engasjert med eit sterkt ønske om kontinuerleg utvikling Fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag Bidreg aktivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Interesse for rettleiing og fagleg utvikling av kollegaer og LIS Personlege eigenskapar vert vektlag Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Kontaktinformasjon Sveinung Aaker, Seksjonsleder (lege), Gulay Kar, Avdelingssjef, (+47), Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5200097986 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 29.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Helsesekretær/Sekretær · Kontor medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Sykepleier 80% natt · Åse helsehus, Ålesund kommune
- Miljøterapeut - relevant helsefaglig, sosialfaglig eller pedagogisk høyskoleutdanning · Arbeid og aktivitet, Ålesund kommune
- Sjukepleiar, 100 % fast stilling ved avd. Lillegjerdet · Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune
- sykepleier / vernepleier · Psykisk helse og rus, Ålesund kommune
- Lege i spesialisering, Rus- og avhengigheitsmedisin · TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card