Lege i spesialisering, Rus- og avhengigheitsmedisin
TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Ålesund
- Posted
- November 5, 2026
About this job
Vil du bli spesialist i eit fagfelt der du får bruke heile den medisinske kompetansen din? Rus- og avhengigheitsmedisin er eit spennande fagområde i skjæringspunktet mellom rusmedisin, somatikk og psykiatri. Hos oss får du jobbe tett på pasientar med samansette problemstillingar, i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og eit felles engasjement for å gjere ein forskjell. Vi søkjer no etter engasjerte leger i spesialisering (LIS 2/3) som ønskjer å utvikle seg innan rus- og avhengigheitsmedisin og vere med på å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt ved Avdeling TSB i Møre og Romsdal. Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar for lege i spesialisering 2/3 ved Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Ålesund behandlingssenter, frå 01.02.27. Ved Avdeling TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir vi utgreiing og behandling til personar over 18 år med rus- og avhengigheitsutfordringar, samt støtte og oppfølging til deira pårørande. Tilbodet omfattar avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk behandling. Som LIS hos oss får du: Godkjent heile spesialistutdanninga i rus- og avhengigheitsmedisin Brei klinisk erfaring innan både rusmedisin, psykiatri og somatikk Tett rettleiing frå erfarne spesialistar Arbeid i eit inkluderande og kompetent tverrfagleg miljø Moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas behandlingstilbod innan TSB Vi ønskjer oss leger som er fagleg nysgjerrig, engasjert i pasientgruppa og som trivst med samarbeid på tvers av profesjonar. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat. Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsatt i; mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, deltaking i tverrfaglege drøftingar m.m. Tverrfagleg samarbeid Deltaking i avdelinga si vaktordning Undervising Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søkje midlertidig stilling Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig Vi søkjer deg med eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre Vi søkjer deg som har gode kommunikasjonsevner, som er fleksibel og løysingsorientert Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Rettleiing av erfarne overlegar Variert, utfordrande og lærerik teneste Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleder,, Arbeidsstad Vestmoa 27 6018 ÅLESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5204430143 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Sjukepleiar · Kirurgisk sengepost A, Helse Møre og Romsdal HF
- Ferievikar 2027 - Jordmor, jordmorstudent · Ferievikarer Helse Møre og Romsdal HF, Helse Møre og Romsdal HF
- Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar m.m. · Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar, vernepleiar m.m. · Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Ferievikar 2027 - Helsesekretær/ sekretær · Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Ferievikar 2027 - Helsesekretær/ sekretær · Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card