Sjukepleiarar
Ortopedi sengepost Førde, Helse Førde · Førde
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Ortopedi sengepost Førde, Helse Førde
- Location
- Førde
- Posted
- November 8, 2026
About this job
Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus: 100 % fast stilling, oppstart etter avtale 70 % fast stilling, oppstart etter avtale 100 % årsvikariat, oppstart etter avtale Oppgje gjerne i søknaden kva for stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for, og om fleire av dei utlyste stillingane kan vere aktuelle. Vi tek gjerne imot søknad frå deg som blir ferdig utdanna sjukepleiar til jul 2026. Arbeidstid Stillinga inngår i tredelt turnus. Arbeid kvar tredje helg. Om avdelinga Ortopedisk sengepost har over tid jobba målretta med opplærings- og mentorprogram for å gi nytilsette ein trygg og god start. Vi set stor pris på å få nye kollegaer! Avdelinga har ei god blanding av erfarne og nyare pleiarar, noko som bidreg til at det er eit sterkt læringsmiljø og alltid ein kollega som kan hjelpe deg når du treng det. Ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus er ein spennande arbeidsplass med stor pasientvariasjon. Vi held til i moderne og funksjonelle lokale i Livabygget og har om lag 43 årsverk fordelt på sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og assistentar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, fagutvikling og pasienttryggleik står sentralt. Vi legg vekt på god opplæring, kunnskapsdeling og støtte i kvardagen, slik at både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar skal kjenne seg trygge og utvikle seg fagleg. Som sjukepleiar ved ortopedisk sengepost får du ein variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar og eit breitt spekter av ortopediske problemstillingar. Du får arbeide tett saman med ulike faggrupper og vere ein viktig del av pasientforløpet frå innlegging til utskriving. Ved sengeposten behandlar vi pasientar innan: traumatologi handkirurgi skulderkirurgi protesekirurgi – hofte, kne, skulder fotkirurgi ryggkirurgi Dette gir deg moglegheit til å byggje brei kompetanse innan ortopedisk sjukepleie i eit aktivt og lærerikt miljø. Førde - Sunnfjord kommune Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund. Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst. Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen. Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune Arbeidsoppgåver Du tek imot pasientar, gjer risikovurderingar og kartlegg hjelpebehov Du gir informasjon og opplæring til pasientar og pårørande Du gir pre- og postoperativ pleie tilpassa ulike behandlingar Du observerer pasientar, gjer triagering og måler vitale parameter Du har gruppeleiarfunksjon ved behov Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Relevant sjukehuserfaring Personlege eigenskapar Du er fleksibel, strukturert og tek ansvar i arbeidet ditt Du er oppteken av god pasientbehandling og ser den enkelte pasienten Du trivst med å samarbeide med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du er nysgjerrig og trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper Eit fagleg sterkt miljø med moglegheiter for utvikling og læring Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Håvard Nesse Røneid, Seksjonsleiar, (+47) Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5207868613 Stillingsprosent: 100, 70% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 24.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Vikariat Spesialergoterapeut/ ergoterapeut · Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Bergen HF
- Helsefagarbeider i turnus - er du vår nye kollega? · Hjemmebaserte tjenester Rykkinn distrikt, Bærum kommune
- Vernepleier (100% fast), samlokalisert bolig "Peer Gynt 2" · Moss kommune
- Helsefagarbeider · Midtre Agder DPS døgnenhet, Sørlandet sykehus, Kristiansand
- Helsefagarbeider - Praktisk bistand · Indre Østfold kommune
- Sjukepleiar/vernepleiar, 100% · Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste, ambulerande
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card