Sjukepleiar/vernepleiar, 100%
Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste, ambulerande · Volda
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste, ambulerande
- Location
- Volda
- Posted
- November 18, 2026
About this job
I perioden 01.12.26-30.11.27 har vi ledig eit vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar i våre ambulerande tenester. Den tilsette går i todelt turnus med langvakter og arbeid kvar 5 helg. Ambulerande tenester er ein del av Rus og psykisk helseteneste og basen er lokalisert ved Omsorgssenteret i Volda kommune. Seksjonen har 8,6 årsverk, og tilbyr helsehjelp og praktisk bistand til personar med lidingar innan rus og psykisk helse. Ei viktig målsetting er at brukarane skal oppleve meistring og auka deltaking i eige liv. Avdeling rus og psykisk helseteneste har 30 årsverk fordelt på 4 tenesteområde. Vi tilbyr individuell oppfølging i psykisk helseteneste og i rustenesta, arbeid og aktivitetstilbod ved lågterskeltilboda Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten, samt døgntenester til heimebuande. Arbeidsoppgåver Miljøterapeutiske tiltak i heimen, samt støtte til viktige avtalar/møter og behandling. Bistå i henvising til speialisthelsetenesta og ulike behandlingsforløp ved behov Koordinere og samarbeide med pårørande, fastlege, NAV, spesialisthelsetenesta og andre aktuelle aktørar Rettleie pårørande Delta i endring og utviklingsarbeid Dokumentere i Gerica; dagleg rapportering, registrering av avvik, evaluering og oppdatering av tiltaksplan Medansvar for å vidareutvikle den faglege kvaliteten på tenestetilbodet Bidra til at brukarane får individuelt tilpassa tenester, ein meiningsfylt og aktiv kvardag Primær og sekundærkontakt-ansvar Rettleie og lære opp kollega og studentar Ha kunnskap om lover, forskrifter, retningslinjer og avtaleverk innanfor fagområdet Kvalifikasjonar Bachelor i sjukeleie eller vernepleie. Vidareutdanning innan psykisk helse og rus, samt erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt Det er naudsynt med god skriftleg og munnleg framstillingsevne Gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeidsevner - ein lagspelar som tek initiativ og bidreg til positivt arbeidsmiljø Førarkort (klasse B) Gode ferdigheiter i dokumentasjon og bruk av digitale verktøy Politiattest utan anmerkingar er ein føresetnad for tilsetting og må leverast arbeidsgivar for den som er aktuell for stillinga Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Personlege eigenskapar Du er ein person som har interesse for psykisk helsearbeid og rusarbeid. Vi arbeider med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når det er vanskeleg Du bidreg aktivt til å sjå og oppmuntre andre slik at vi også i framtida har ein triveleg arbeidsplass der vi tek godt vare på kvarandre. Du har ein god arbeidsmoral og legg vekt på nærvær og høg kvalitet i arbeidet ditt Du er roleg, tydeleg, tolmodig og stabil, samtidig som du set grenser og står i konflikt og krevjande situasjonar Gode samarbeidsevner både når det gjeld brukarar, pårørande, samarbeidspartar og kollegaer Gode evner til sjølvregulering og samregulering i møte med andre i kriser Evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap Evne til å jobbe strukturert og målretta ut i frå brukarane sitt behov Du likar å få ansvar, ser løysingar og er fleksibel Du likar å jobbe systematisk og målretta og gler deg over dei små framstega i arbeidet Vi tilbyr Ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle tenestene Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling Turnus med kombinasjon av dag - kveld og arbeid kvar 5 helg med langvakter Du kan få tilbod om kompetansehevande kurs og rettleiing Eit lite og godt arbeidsmiljø med trivelege kollegar Løn etter gjeldande tariff Kontaktinformasjon Knut Hagen, Seksjonsleiar ambulerande,, Malene Rovde, Avdelingsleiar,, Arbeidsstad Barstadmarka 2 6102 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5197875195 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 03.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Sykepleier/sykepleier med videreutdanning · Medisinsk divisjon, Hjertepoliklinikk B403
- Lege i spesialisering 2/3 i fast stilling · Medisinsk leger Notodden, Sykehuset Telemark HF
- Sykepleier 100 % fast på K3 · Øre, nese og hals avdeling, Kirurgen 3, Drammen sykehus
- Kreftsykepleier/sykepleier · Medisinsk sengepost 1E, Gjøvik, Sykehuset Innlandet HF
- Ledig fastlegeliste ved Nesttun legekontor · Enhet for allmennmedisin, Bergen kommune
- Vikariat Spesialergoterapeut/ ergoterapeut · Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Bergen HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card