Vikariat Spesialergoterapeut/ ergoterapeut

Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Bergen HF · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Bergen HF
Location
Bergen
Posted
November 18, 2026

About this job

Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU) arbeider med barn og unge med nedsett funksjonsnivå. Vi arbeider for å betre livskvaliteten til desse barna og familiane deira. For å lukkast med dette har HABU eit tverrfagleg team kring barnet som består av legar, psykologar, spesialpedagogar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, vernepleiarar og logopedar. Til saman er vi 36 høgkompetente medarbeidarar som blir motivert av teamarbeid og som brenn for å gje barn og unge ein betre kvardag. Vi har eit tett samarbeid med kommunehelsetenesta og ein stor del av samfunnsoppdraget vårt er rettleiing og opplæring av ressurspersonar kring barnet. Vi har fra mars 2027 ledig 100% vikariat for spesialergoterapeut/ergoterapeut i eitt år. Vi søker deg som har erfaring i frå arbeid med barn med omfattande funksjonsvanskar, og som ønsker å gjere ein forskjell for desse. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel). Jfr Lov om helsepersonell §20A. Arbeidsoppgåver Kartlegging og behandling av pasientar i henhald til pasientforløp, prosedyrar og oppfølgingsprogram (t.d CP og ved nevromuskulære sjukdommar) Kartlegge funksjon i daglege aktivitetar og vurdere behov for trening, tiltak og tilrettelegging Vurdere finmotorikk, handfunksjon og gode utgangsstillingar for aktivitet Vurdere behov innan habilitering og rehabilitering, planlegge og gjennomføre behandlingstiltak Støtte og rådgiving til barn, ungdom og foreldre Planlegge og gjennomføre ergoterapitiltak ved intensiv habilitering og rehabilitering Rettleiing til - og samarbeid med lokale fagpersonar Kvalifikasjonar For stillinga er det krav om dokumentert godkjend autorisasjon som ergoterapeut i Noreg Søkar bør også ha; Kompetanse på tiltak retta mot medfødde og erverva funksjonsnedsettingar Erfaring med kartleggingsreiskap for barn og ungdom Erfaring frå arbeid med habilitering og rehabilitering av barn og ungdom God formidlingsevne, munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du har evne til å sjå ressursen i barna og omgjevnadane Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei, både pasientar og kollegaer Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert og utvise stor grad av ansvarlegheit Du fremmer eige fag samstundes som du er lydhøyr for andre i eit tverrfagleg team Du trivast i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte arbeidsoppgåver og utfordringar Du er ein fleksibel og omgjengeleg lagspelar med god arbeidskapasitet Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og for å jobbe med barn og ungdom Vi tilbyr Ein arena for læring og utvikling i lag med kompetente og spesialiserte fagpersonar Tverrfagleg samarbeid og ein heilskapleg tilnærming til barn og unge Eit arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå, engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Tonje Håvardstun, Konstituert seksjonsleiar,, Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5211156476 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.03.2027 Sluttdato: 29.02.2028 Søknadsfrist: 02.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free