Programutvalsleiar for profesjonstudiet i medisin (førsteamanuensis eller professor).
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- November 15, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Programutvalsleiar for profesjonstudiet i medisin. Ved Det medisinske fakultet er det ledig ein fast stilling som (100 %) som programutvalsleiar for profesjonsstudiet i medisin (professor eller førsteamanuensis). For søkjarar med anna relevant klinisk stilling kan redusert stillingsprosent vurderast etter nærare avtale. Arbeidsstad for stillinga er Bergen. Profesjonsstudiet i medisin ved Universitetet i Bergen er frå 2025 ein fleircampusmodell på seks år, der alle studentar er i Bergen dei første tre studieåra og tek dei tre siste studieåra anten ved campus Bergen, campus Stavanger, campus Førde (frå hausten 2028) eller campus Haugesund (frå hausten 2029). Gjennom prosjektet Vestlandslegen og auken i talet på studieplassar dei siste åra er medisinstudiet ved UiB inne i ei omfattande utvikling. Programutvalsleiaren vil ha eit særskilt ansvar for regionaliseringa av studiet. Dette vil krevje god organisasjonsforståing og evne til å koordinere og vidareutvikle eit komplekst studieprogram, sikre god samhandling mellom fagmiljø og campusar og leggje til rette for eit tett samarbeid med helseføretak og kommunar. Profesjonsstudiet i medisin ved UiB skal vere kjenneteikna av forskingsbaserte, studentaktiviserande læringsformer og eit inkluderande læringsmiljø som fremjar meistring og læring. Programutvalsleiaren skal ha ei sentral rolle i å vidareutvikle undervisninga og leggje til rette for at nye lærings- og vurderingsformer blir tekne i bruk. Vi utdannar legar med solid fagleg kompetanse og tryggleik til å utøve profesjonelt skjønn og bidra til utviklinga av helsetenestene. Tilsetjingsforholdet til stillinga vil tilhøyre det institutt der søkjar sitt fagområde (spesialitet) høyrer heime. Programutvalsleiar skal også samarbeide tett med Eining for læring. Arbeidsleiinga for stillinga ligg hos visedekan for utdanning. Stillinga har utdanningsleiing som hovudoppgåve, med særleg vekt på fagleg og pedagogisk utvikling av medisinstudiet. Arbeidsoppgåver/forskingsområde: Programutvalsleiaren sine viktigaste arbeidsoppgåver: Ha hovudansvar for fagleg innhald og relevans i studieprogrammet. Være operativ fagleg og pedagogisk leiar av studieprogrammet, gjennom å leie Programutvalet for medisin (PUM) og PUM sitt arbeidsutval (AU). Være ansvarleg for kvalitetssikring og utvikling av praksis, undervisnings- og vurderingsformer i samsvar med nasjonale lover og forskrifter, og UiB sitt regelverk. Ha eit tett og godt samarbeid med studieadministrasjonen om drift og utvikling av studieprogrammet. Sikre god koordinering og samhandling mellom dei fire campusane og dei ulike faglege og organisatoriske einingane i studieprogrammet. Ha god dialog med dei fire institutta som inngår i medisinutdanninga. Bidra til fagleg og pedagogisk utvikling av undervisninga og sikre god oppfølging og støtte til dei lokale studieleiarane ved alle campusane. Ha overordna ansvar for internasjonalisering og studentutveksling. Ha eit overordna ansvar for å sikre eit godt og inkluderande læringsmiljø på tvers av campusane. Følge opp overordna studentsaker og skikketsheitsaker ved behov. Sørge for eit godt samarbeid med eksterne partar som den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta. Andre relevante arbeidsoppgåver kan verte lagt til stillinga. Den som vert tilsett, skal drive forsking innanfor den ordinære fordelinga av arbeidstid for vitskapleg tilsette. Undervisningstida vil i stor grad bli oppfylt gjennom arbeidet som studieprogramleiar. Ved kapasitet vil studieprogramleder kunne bidra i anna undervisning, til dømes kurs avholdt av Enhet for læring, i samråd med arbeidsleiar. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Kvalifiserte søkjarar må ha medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege. Søkjar må ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse og fylle kompetansekrava til professor eller førsteamanuensis. Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på nettsidene til Eining for læring. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt særleg vekt på: Leiarutdanning, eller erfaring frå leiing og utviklingsarbeid, gjerne frå høgare utdanning. God organisasjonsforståing og evne til å koordinere og vidareutvikle komplekse studieprogram eller tilsvarande. Evne til å leie utviklings- og endringsprosessar. Gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement og samarbeid på tvers av fagmiljø og organisatoriske einingar. Engasjement for medisinsk utdanning og motivasjon for å vidareutvikle medisinstudiet ved UiB. Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Teacher & Education jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 527 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Pedagogy100% of postings
- Montessori2% of postings
- Assessment1% of postings
- Languages1% of postings
Similar jobs
- Høgskolelektor i ergoterapi · Høgskulen på Vestlandet
- Universitetslektor innen kiropraktikk (20% ekstraerverv) · Universitetet i Bergen
- Universitetslektor innen manuellterapi (20% ekstraerverv) · Universitetet i Bergen
- Barnehagelærer · Norlandia Nyhavn
- Pedagogisk leder · Norlandia Erleveien
- Assistant/Associate Professor (tenure-track) in Behavioral Economics · NHH Norwegian School of Economics
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card