Universitetslektor innen manuellterapi (20% ekstraerverv)
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- November 18, 2026
About this job
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Universitetslektor Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig åremålsstilling som universitetslektor (20 % ekstraerverv) i manuellterapi for ein periode på 4 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fagområde for Helsevitskap (HELSEVIT). Vi ser etter motiverte fagfolk som ynskjer å ta del i utdanninga av gode, framtidige manuellterapeuter. Undervisinga er først og fremst knytt til kvalifiseringsprogrammet for kiropraktorer og manuellterapistudenter med utdanning frå utlandet. Det kan óg verte aktuelt at den som vert tilsett går inn i undervisninga innafor andre studieprogram som høyrer til under fakultetet, etter instituttet/fakultetet sine behov. Det vert forventa høg kvalitet i undervisningsarbeidet Arbeidsoppgåver: Undervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til undervisning i MANTPRIM 600 og KIROTRYGD 600 Oppfølging av studentar, planlegge og gjennomføre eksamen Oppfølging av veiledere i klinisk praksis Ta del i utvikling av studiekvalitet, til dømes implementering av nye læringsformer Administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer Deltaking i instituttet og fakultetet sine faglege aktivitetar Kvalifikasjonar og eigenskapar: vere autorisert manuellterapeut ha engasjement og interesse for undervisning ha gode kommunikasjonsevner gode samarbeidsevner fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan to år frå tilsetjing Det er i tillegg ønskeleg at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring har brei og relevant klinisk erfaring innan primærkontakrollen Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. Det er krav om utdanningsfagleg kompetanse tilsvarande 39 timar. Dersom ein ikkje har utdanningsfagleg kompetanse, må dette skaffast innan 2 år frå tilsetjing. Sjå meir på Enhet for læring. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast. Vi tilbyr: Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling Løn er for tida kr 655 000 – 705 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: Ei kort utgreiing om motivasjonen din for å søkje stillinga CV Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse To referansar (namn og kontaktinformasjon) Dersom du driv forsking legg du og ved: ● Fullstendig publikasjonsliste Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Silje Mæland, e-post:. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thomas McGonagle Bentsen, e-post: Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Teacher & Education jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 527 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Pedagogy100% of postings
- Montessori2% of postings
- Assessment1% of postings
- Languages1% of postings
Similar jobs
- Barnehagelærer · Norlandia Øvre Sædal
- Førsteamanuensis/førstelektor innen digitalisering, kunstig intelligens og byggteknologi · Høgskulen på Vestlandet
- Skolert søker lærer i Bergen · Skolert As
- Mellombels stilling som universitetslektor i russisk · Universitetet i Bergen
- Stipendiat innan barnehagepedagogisk arbeid under kritiske vilkår · Høgskulen på Vestlandet
- Universitetslektor (vikariat) i kunsthistorie · Universitetet i Bergen
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card