Lærarvikariat 100 %

Austevoll kommune · Storebø

Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Austevoll kommune
Location
Storebø
Posted
November 9, 2026

About this job

Om arbeidsstaden Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, derfor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde. Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 310 elevar og 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling. Om stillinga Storebø skule har ledig vikariat som lærar i 100 % frå dags dato til 31.12.27 med moglegheit for forlenging. Vi søker etter ein positiv lærar som er klar til å bidra med utvikling til beste for elevar, kollegaer og seg sjølve! Storebø skule ligg sentralt på Storebø med kort veg til ferje. Ansvars- og arbeidsoppgåver Undervisning Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt Delta i utviklingsoppgåver som skulen har Arbeida i team Kvalifikasjonskrav Formelle kvalifikasjonskrav Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn Kunnskapar om og evner til god klasseleiing Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner At du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel God IKT- kompetanse Vi tilbyr Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø Spanande utfordringar Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 32 000 kr pr år. Gode pensjons- og forsikringsordningar Slik søker du Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Teacher & Education jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 527 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Pedagogy100% of postings
  • Montessori2% of postings
  • Assessment1% of postings
  • Languages1% of postings
Teacher & Education skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free