Pedagogisk leiar i Stordal barnehage

Fjord kommune · Valldal

Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Fjord kommune
Location
Valldal
Posted
November 18, 2026

About this job

Fjord kommune har ledig eit 100 prosent fast stilling som pedagogisk leiar i Stordal barnehage frå 1. januar 2027. Stordal barnehage ligg sentralt til i bygda Stordal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen har pr. i dag 9 tilsette (assistent, barne- og ungdomsarbeidarar, ped.leiarar og styrar) + lærling fordelt på 28 barn. Alle barn i Stordal barnehage skal oppleve tryggleik og inkludering i barnehagen. Barna skal verte lytta til og takast på alvor. Barnehagen har 3 avdelingar - Rådyrskogen for barn i alderen 3 - 6 år, Eplehagen for barn i alderen 0 - 2 år, og Blåklokka for barn i alderen 2-3 år. Stordal barnehage er heilt ny og vart opna hausten 2019. Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Barnehagen skal hjelpe til med å gi barna ei god oppseding i samsvar med kristne grunnverdiar.Barna skal føle seg sett, høyrt og likeverdige. Barna skal oppleve barnehagen trygg og inkluderende. Barna skal oppleve vennskap og samhald. Barna skal lære seg å ha respekt for kvarandre, og verdsette dei likheiter og ulikheiter som finst i barnehagen Søkjarar vert kalla inn til intervju NB: Ved intern tilsetting er vi interessert i søkjarar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent. Arbeidsoppgåver Pedagogisk leiar ha ansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn. Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa. Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid Medansvar i arbeidet med HMS Ta imot og gi pedagogisk veileding Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter. Ansvar for IUP-arbeid til barn på avdelinga som har vedtak Kvalifikasjonar Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning med årsstudium i barnehagepedagogikk. God datakunnskap og har erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy Må kunne norsk godt munnleg - kommunen har nynorsk som målform. Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding Personlege eigenskapar Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide Du har erfaring frå fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre. Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt. Du har positiv innstilling og godt humør Du har god digital kompetanse Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie Vi tilbyr Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette Barnehagelærar får lønn lik 10 års ansiennitet eller meir Pedagogisk tilllegg er per dd. 25 000 NOK. Lønn i samsvar med avtaleverk Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot Kontaktinformasjon Diana Helland, Styrar Stordal Bhg., Arbeidsstad Vinjehjellane 9 6250 Stordal Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord kommune Referansenr.: 5209000312 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Teacher & Education jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 527 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Pedagogy100% of postings
  • Montessori2% of postings
  • Assessment1% of postings
  • Languages1% of postings
Teacher & Education skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free