Lærar ved Fjærland oppvekstsenter
Sogndal kommune Fjærland oppvekstsenter · Sogndal
Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Sogndal kommune Fjærland oppvekstsenter
- Location
- Sogndal
- Posted
- November 8, 2026
About this job
Vil du vere lærar på ein liten skule der du får følgje elevane tett og vere med på å skape ein trygg, variert og lærerik skulekvardag? Fjærland oppvekstsenter ligg i jordbruks og turistbygda Fjærland, mellom Sogndal og Skei. Bygda har eit aktivt lokalmiljø med mange lag og organisasjonar. Oppvekstsenteret omfattar skule, SFO og barnehage, og ligg idyllisk til nær fjorden. I nærområdet finn du skog, idrettsbane og lysløype. Skulen har eige symjebasseng og gode undervisningsfasilitetar. Skulen er fådelt, med elevar frå 1. til 7. trinn fordelte på småskule og mellomsteg. Inneverande skuleår har skulen 11 elevar. Storleiken gir gode føresetnader for å bli godt kjent med den enkelte eleven og gi tett oppfølging. Skulen har særleg merksemd på basisfaga og lesing, og arbeider med satsinga «Trygt og godt skule- og barnehagemiljø». Om stillinga I perioden 1. januar 2027 til 1. januar 2028 har me ledig eit vikariat i 90 % stilling som grunnskulelærar. Rolla som kontaktlærar ligg til stillinga. Me har særleg behov for undervisningskompetanse i norsk, matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk. Arbeidsoppgåver Du skal mellom anna: Planleggje, gjennomføre og vurdere elevane si læring, individuelt og i grupper Følgje opp elevane fagleg og sosialt Ha ansvar som kontaktlærar Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø Samarbeide godt med elevar, føresette og kollegaer Delta aktivt i skulen sitt profesjonsfellesskap Bidra i skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid Nytte nærmiljøet og naturen som læringsarena der det er relevant Samarbeide på tvers av skule, sfo og barnehage når det er naturleg Kvalifikasjonar Me ser etter deg som: Har utdanning som grunnskulelærar for 1. til 7. trinn Har anna relevant grunnskulelærarutdanning som kan vurderast Har gode digitale ferdigheiter Har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Har god kjennskap til læreplanverket Fagynskje: me ser gjerne at du har eitt eller fleire av faga norsk, matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk. Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetjing. Kven er du? Me ser etter ein lærar som: Skaper tryggleik, motivasjon og engasjement hos elevane Ser den enkelte eleven og tilpassar oppfølginga etter behov Er tydeleg, omsorgsfull og god til å byggje relasjonar Samarbeider godt med elevar, føresette, kollegaer og andre fagpersonar Arbeider sjølvstendig og tek ansvar Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert skulekvardag Ønskjer å bidra til deling, refleksjon og fagleg utvikling Trivst med å arbeide i eit lite miljø der alle bidreg på tvers Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Me tilbyr Ein variert og meiningsfull lærarjobb med tett kontakt med elevane Gode moglegheiter for å tilpasse undervisninga og følgje kvar elev Eit lite og oversiktleg arbeidsmiljø Ein arbeidsplass med nærleik til naturen og gode undervisningsfasilitetar Gode pensjons- og forsikringsordningar Gode velferdsordningar Løn etter gjeldande avtaleverk Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord. Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Teacher & Education jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 527 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Pedagogy100% of postings
- Montessori2% of postings
- Assessment1% of postings
- Languages1% of postings
Similar jobs
- Pedagogisk medarbeider/assistent, søkes til Mobarn Panorama barnehage på Averøy · Mobarn Panorama Barnehage AS
- Engasjert barnehagelærer søkes til Villaveien naturbarnehage sa · Villaveien Naturbarnehage Sa
- Er du vores nye barnehagelærer ? · Villa Borgen Barnehage
- Pedagogisk leiar i Stordal barnehage · Fjord kommune
- Klinisk sosionom/klinisk barnevernspedagog søkes · Klinikk for psykisk helse og avhengighet, BUP Søndre Nordstrand, Oslo universitetssykehus HF
- Lærerstilling - vikariat - 100% - Støren barneskole · Midtre Gauldal kommune Støren barneskole
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card