Barnehagelærar i Selje
Selje barnehage, Stad kommune · Selje
Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Selje barnehage, Stad kommune
- Location
- Selje
- Posted
- October 29, 2026
About this job
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn? Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har no ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 04.01.2027. Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette. Hos oss får du vere med på å utvikle og tilpasse det pedagogiske arbeidet i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale. Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald. Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus! Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidpartnarar Samarbeide med øvrige tilsette Rettleiingsansvar for øvrige tilsette Kvalifikasjonar For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget / helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte, dersom det ikkje melder seg kvalifiserte barnehagelærarar. Personlege eigenskapar Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig Du har evne til å sjå det enkelte barnet Du har evne til å handtere ei større barnegruppe Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn Vi tilbyr Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar Godt og nært fagleg samarbeid Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Kontaktinformasjon Heidi Løvold, Styrar Selje barnehage,, Arbeidsstad 6740 Selje Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5201924605 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Teacher & Education jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 527 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Pedagogy100% of postings
- Montessori2% of postings
- Assessment1% of postings
- Languages1% of postings
Similar jobs
- Pedagogisk medarbeider/assistent, søkes til Mobarn Panorama barnehage på Averøy · Mobarn Panorama Barnehage AS
- Engasjert barnehagelærer søkes til Villaveien naturbarnehage sa · Villaveien Naturbarnehage Sa
- Er du vores nye barnehagelærer ? · Villa Borgen Barnehage
- Pedagogisk leiar i Stordal barnehage · Fjord kommune
- Klinisk sosionom/klinisk barnevernspedagog søkes · Klinikk for psykisk helse og avhengighet, BUP Søndre Nordstrand, Oslo universitetssykehus HF
- Lærerstilling - vikariat - 100% - Støren barneskole · Midtre Gauldal kommune Støren barneskole
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card