Saksbehandlar/Reiseplanleggar
Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Ålesund
- Posted
- November 22, 2026
About this job
Vil du vere med og gjere ein forskjell for pasientar i Møre og Romsdal? Seksjon for pasientreiser i Ålesund har ledig eit vikariat i 100% stilling som saksbehandlar/reiseplanleggar. Vi ser etter deg som er strukturert, lyttande og engasjert – og som trivst med å jobbe i eit inkluderande fellesskap. Du vil få ei viktig rolle i å planlegge og koordinere pasientreiser, gi rettleiing og støtte til pasientar og rekvirentar, og bidra til at reiseopplevinga blir så god som mogleg. Interne omrokkering kan gje andre ledige stillingar. Pasientreiser er ein del av Klinikk for prehospitale tenester, og består av Bil- og båtambulanse, AMK-sentralen (113), Luftambulanse og Pasientreiser. Seksjonen består av om lag 20 årsverk, og vi samarbeider tett for å sikre trygg og effektiv transport for pasientar til og frå behandling. Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester! Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team! Arbeidsoppgåver Saksbehandling og rettleiing i tråd med pasientreiseforskrifta Brukarstøtte og opplæring i system og regelverk Reiseplanlegging og koordinering av transport Oppfølging av transportørar og rekvirentar Aktiv deltaking i forbetringsarbeid og utvikling av seksjonen Kvalifikasjonar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg God digital kompetanse og erfaring med kontorstøtteverktøy Erfaring frå saksbehandling, kundeservice eller logistikk er ein fordel Fullført vidaregåande utdanning Det kreves ikkje utdanning for bachelor og/eller master Personlege eigenskapar Serviceinnstilt, samarbeidsorientert og sjølvgåande Strukturert og ansvarsbevisst God evne til å meistre stress og krevjande situasjonar Trivst med relasjonsbygging og samarbeid Personleg eignaheit for stillinga vert vektlakt ved tilsetting. Vi tilbyr Eigen bedriftshelseteneste og vaksinasjonsprogram for tilsette Ein organisasjon med høg grad av medverknad og godt partssamarbeid Løn etter gjeldande overeinskomstar for bestått vidaregående utdanning Ein meiningsfull jobb, i ein region med høg livskvalitet Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Esben Magnell, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Åsebøen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5208996205 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 05.09.2027 Søknadsfrist: 06.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Sjukepleiar · Medisinsk sengepost 1 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Fagarbeider - Elektro · Mesta
- Kokk · Vinni bar og restaurant
- Engasjert lærer i Toppidrett/Kroppsøving søkes · Akademiet Norge
- Plumbers Wanted for Projects in Norway · XL Bemanning AS Avd Ålesund
- Spesialsjukepleiar/sjukepleiar · Akuttmottak Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card