Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Akuttmottak Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Akuttmottak Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Ålesund
- Posted
- November 23, 2026
About this job
Vil du ha ein arbeidskvardag med faglege utfordringar, variasjon og moglegheit til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag? Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus søkjer to engasjerte spesialsjukepleiarar/sjukepleiarar til to faste stillingar. Ved intern tilsetting kan andre stillingar (vikariat) bli ledige. Hos oss får du ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag i eit aktivt fagmiljø, der ingen dagar er like, og der kompetansen din verkeleg kjem til nytte! Vi tek imot alle pasientar som treng augeblikkeleg hjelp, både barn og vaksne, med eit breitt spekter av akutte og uavklarte tilstandar. Pasientane kjem med problemstillingar innan fagområda medisin, kirurgi, ortopedi, hematologi og onkologi. I delar av døgnet har vi også funksjon som augeblikkeleg hjelp skadepoliklinikk. Dette gir ei unik fagleg breidde og ein arbeidskvardag som stiller krav til både klinisk blikk, sjølvstende, fleksibilitet og evne til å handtere ulike situasjonar. Akuttmottak er ei beredskapsavdeling med høg kompetanse innan mottak av kritisk dårlige TEAM pasienter. Vi tek imot TRAUME-, MET-, barn-, slag- og hjertestansteam. Akuttmottaket er ein sentral del av sjukehuset og ofte pasientane sitt fyrste møte med spesialisthelsetenesta. Vi jobbar i eit miljø med høgt tempo, varierte arbeidsoppgåver og tett tverrfagleg samarbeid. Her får du moglegheit til å bruke og vidareutvikle kompetansen din, gjere sjølvstendige kliniske vurderingar og bidra til at pasientane får rask, trygg og god behandling når dei treng det som mest. Vi er opptekne av fagleg utvikling, kunnskapsdeling og eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit engasjert team med dyktige kollegaer som støttar kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å gi pasientane best mogleg behandling. Ønskjer du ein arbeidskvardag der du får faglege utfordringar, utviklar deg som sjukepleiar og er ein viktig del av eit lag som gjer ein forskjell? Då håpar vi du søkjer hos oss! Arbeidsoppgåver Ta imot, vurdere og fylgje opp pasientar med akutte og uavklarte sjukdoms- og skadeproblemstillingar Utføre systematiske observasjonar, kartlegging og sjukepleiefaglege vurderingar, og identifisere pasientar med behov for rask helsehjelp Prioritere og handtere pasientar ut frå hastegrad, alvorlegheitsgrad og klinisk tilstand Setje i verk og fylgje opp medisinsk behandling og sjukepleietiltak i samarbeid med lege og andre faggrupper Overvake pasientar, oppdage endringar i klinisk tilstand og handle raskt ved forverring Delta i akuttmedisinsk teamarbeid, inkludert mottak og behandling av kritisk sjuke og skadde pasientar Sikre god pasientflyt og koordinering av pasientforløp i samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar Ivareta pasientar og pårørande med omsorg, informasjon og tryggleik i ein akutt og ofte uavklart situasjon Dokumentere observasjonar, vurderingar, behandling og sjukepleie i elektronisk pasientjournal Bidra aktivt til fagutvikling, kvalitetsarbeid, pasienttryggleik og kontinuerleg forbetring av tenestene Rettleie og bidra til opplæring av studentar, nytilsette og kollegaer Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Vidareutdanning innan akuttsjukepleie, intensivsjukepleie eller anna relevant spesialutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav Erfaring frå akuttmottak, sjukehus eller anna relevant klinisk verksemd er ein fordel Gode kliniske vurdering- og observasjonsferdigheiter, og evne til å identifisere og handtere akutte endringar i pasienten sin tilstand Evne til å prioritere og ta sjølvstendige avgjerder i ein hektisk og uforutsigbar arbeidskvardag Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Gode digitale ferdigheiter og evne til å dokumentere i elektronisk pasientjournal Å være personleg egna vert vektlagt ved tilsetting Personlege eigenskapar Du er fagleg engasjert, nysgjerrig og motivert for å utvikle deg innan akuttmedisin Du er trygg i rolla di, tek ansvar og kan arbeide sjølvstendig når situasjonen krev det Du beheld ro og oversikt i ein hektisk og uforutsigbar arbeidskvardag Du har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø Du er fleksibel, løysingsorientert og trivast med varierte arbeidsoppgåver og raske endringar Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, empati og omsorg Du har evne til å prioritere, ta initiativ og gjere gode vurderingar også i krevjande situasjonar Du er positiv til endring, utvikling og nye arbeidsmetodar Du er ansvarsmedviten, strukturert og oppteken av kvalitet og pasienttryggleik Du bidreg aktivt til kunnskapsdeling, fagleg utvikling og eit godt kollegialt fellesskap Vi tilbyr Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit aktivt og fagleg utfordrande akuttmottak Eit breitt og allsidig fagmiljø der du får utvikle kompetansen din innan fleire medisinske og kirurgiske fagområde Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kompetanseheving og vidareutvikling innan akuttmedisin Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med dyktige koll
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 217 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication75% of postings
- Palliative Care16% of postings
- Hygiene11% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Sykepleier 100 % fast stilling Åse og Lerstad hjemmetjeneste · Åse-Blindheim heimetenestedistrikt, Ålesund kommune
- Sykepleier, fast 100% · Åse helsehus, Ålesund kommune
- Overlege psykiatri · Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF
- Reisesykepleier - oppdrag over hele Norge · PacuraMed AS
- Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin · Legar barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Sjukepleiar · Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card