Postdoktor ved Det juridiske fakultet
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- October 22, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Postdoktorstilling Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei postdoktorstilling med fokus på korleis generativ kunstig intelligens påverkar juridisk utdanning. Stillinga er knytt til forskingssenteret AI LEARN koordinert av det Det psykologiske fakultet, med Det juridiske fakultet som partnar. AI LEARN er eit av seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens finansiert av Noregs forskingsråd. Stillinga er for ein periode på 3 år med moglegheit for utviding inntil eit år. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Om AI LEARN AI LEARN er eit nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek senteret for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Målet er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor. Om postdoktorprosjektet Utviklinga innan generativ kunstig intelligens reiser grunnleggjande spørsmål om kva som vil vere relevant juridisk kompetanse i framtida, og kva konsekvensar dette bør få for innhaldet i og forma på jussutdanninga. Utviklinga aktualiserer òg eit behov for kunnskap om korleis jusstudentane sin bruk av generativ kunstig intelligens i lærings- og vurderingssituasjonar påverkar tilnærminga deira til eigen læring og juridisk problemløysing. Postdoktorprosjektet skal bidra til å utvikle kunnskap på desse temaa, med særleg vekt på kva handlingsrom dei rettslege rammene for høgre utdanning gjev for god pedagogisk praksis i møte med generativ kunstig intelligens. Stillinga er knytt til klynga styring, etikk & regulering (« Governance, Ethics & Regulation ») som er leia av professor Malgorzata Cyndecka ved Det juridiske fakultet. Arbeidsoppgåver Arbeide med vitskapeleg arbeid som hovud- eller medforfattar som skal resultere i minimum 4 fagfellevurderte publikasjonar. Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaer. Delta på og vere med å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med leiaren av klynga og dei andre prosjektmedlemane i senteret. Delta aktivt som medlem av og bidragsytar til Forskargruppa for informasjons- og innovasjonsrett og til forskingssenteret AI LEARN, og bidra til eit godt fagmiljø ved fakultetet. Kvalifikasjonar og eigenskapar Du må ha norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Du må ha doktorgrad i rettsvitskap. Det er ein føresetnad at du har levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Doktorgraden må vere oppnådd før tilsetjing kan skje. Det er ein fordel å ha forskarerfaring knytt til juss, pedagogikk og KI. Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert. Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til fagleg utvikling. Du må ha kunnskapar på høgt nivå i både engelsk og norsk, så vel munnleg som skriftleg. Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for prosjektet. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju. Om postdoktorstillinga Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til anna karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Vi tilbyr Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø Løn som postdoktor (kode 1352 ) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Medarbeidar i preste- og samtaletenesta · Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU), Helse Bergen HF
- KIWI Kronstad X søker etter butikkmedarbeider deltid 50 % - 70 % - vikariat til 19.09.27 · KIWI Kronstad X
- Matros til hurtigbåtane Bergen – Nordfjord – Sogn · Fjord1 - Maritim Drift
- Kulturskolelærer innen el.bass - 3,85 % vikariat ut skoleåret · Bergen kulturskole, Bergen kommune
- Butikkmedarbeider, vikariat, i 80% stilling til Musti Bergen Storsenter! · Musti Norge AS
- Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar? · Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card