Leiar operasjon
Skyss · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Skyss
- Location
- Bergen
- Posted
- October 7, 2026
About this job
Vil du vere med og gjere det enkelt for folk å reise i Vestland – også når dagen ikkje går heilt etter planen? Kvar dag er mange avhengige av Skyss for å kome seg til arbeid, skule og fritidsaktivitetar. Korleis vi møter kundane og løyser utfordringar undervegs, har stor betydning for kvardagen til mange vestlendingar. Vi treng ein leiar for den nyoppretta avdeling operasjon. Her får du ansvar for at kundane møter eit tilbod som fungerer godt, dag ut og dag inn. Du samlar arbeidet med reiseinformasjon og kundeservice, og samarbeider tett med operatørane som køyrer for oss gjennom god og tett avtaleoppfølging. Når noko ikkje går som planlagt, skal kundane få god informasjon, og avdelinga skal vere rusta til å handle raskt. Arbeidsoppgåver Du skal òg bruke det vi lærer av dei reisande, operatørane og hendingar i drifta, til å gjere tilbodet betre. Målet er å førebyggje problem og sørgje for at erfaringar frå den daglege drifta blir tekne med når Skyss utviklar nye løysingar og kjøper inn tenestene. Du har ansvar for at avdelinga har gode planar og arbeidsmåtar for å handtere uventa hendingar Kvalifikasjonar (overskrift) Som avdelingsleiar inngår du i direktøren si leiargruppe, og har tre gruppeleiarar som rapporterer til deg. Vi ser etter deg som har leiarerfaring og relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre denne rolla treng du erfaring med å utvikle gode kundeopplevingar, forbetringsarbeid og organisasjonsbygging. Erfaring frå samferdsel eller kollektivtransport, og kunnskap om offentleg forvaltning er ein fordel. Du er tydeleg som leiar, gir medarbeidarane tillit og får fagmiljøa til å samarbeide. Du ser heilskapen og byggjer ei avdeling som jaktar forbetringar, utan at du sjølv må løyse kvar hending. Hos Skyss møter du engasjerte medarbeidarar som bryr seg om dei gode kvardagsreisene. Du får ei rolle der arbeidet ditt betyr mykje for mange menneske i heile fylket, ei viktig rolle for å løyse samfunnsoppdraget til Skyss. Andre opplysningar: Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf., Julian Smørdal tlf. eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf.. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen. Kontaktinformasjon Målfrid Vik Sønstabø, direktør, Matae v/ Merethe Mæland, Matae v/ Julian Smørdal, Arbeidsstad Lars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5190303348 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- To måneders fastlegevikariat på Vestlandet fra november · Dignus Medical - Kletor AS
- Overingeniør innen uorganisk kjemi · Havforskningsinstituttet
- Kommunikasjonsrådgjevar · Høgskulen på Vestlandet
- Vil du være med på å styrke arbeidet mot fattigdom og sosial ekskludering i Norge? · Kirkens Bymisjon Batteriet
- Forretningsutvikler · Skatteetaten, divisjon person
- Forretningsutvikler · Skatteetaten, divisjon person
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card