Postdoktor ved Det juridiske fakultet
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- October 4, 2026
About this job
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Postdoktorstilling Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet "Noreg og europeiseringa av finansmarknadsretten: Særtrekk og integrasjon". Stillinga er for ein periode på 3 år med moglegheit for utviding inntil eit år. Tematikken er knytt til rettsområda finansmarknadsrett og EU/EØS-rett. Prosjektet er finansiert av Sparebankstiftelsen, Sparebanken Norge, Vest. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Forskingsprosjektet skal undersøke korleis europeiseringa av finansmarknadsreguleringa påverkar norsk bankverksemd. Sentralt i prosjektet står samspelet mellom EU/EØS-retten og norske rettslege og institusjonelle særtrekk. Eit viktig mål er å byggje opp ei grunnleggande finansrettsleg forståing som gjer det mogleg å følgje og forstå den dynamiske utviklinga i finansmarknadsretten. Prosjektet tek utgangspunkt i og kartlegg særtrekka ved norsk bankselskapsrett, der sparebankane si historie og særskilde rolle står sentralt (arbeidspakke 1). Vidare skal prosjektet utforske europeiseringa av finansmarknadsretten meir generelt (arbeidspakke 2), og den komande europeiseringa av insolvensretten som eit konkret døme på denne utviklinga (arbeidspakke 3). Postdoktorprosjektet er knytt til arbeidspakke 1 som skal analysere den norske sparebankmodellen i eit nordisk og kontinental-europeisk perspektiv. Eit sentralt mål er å utvikle kunnskap om dei særlege utfordringane som europeiseringa av det rettslege rammeverket kan skape for norske forhold, og undersøke i kva grad løysingar utvikla i andre EU/EØS-land kan ha overføringsverdi til norsk rett. Analysen vil omfatte både sparebankar og forretningsbankar, og samanlikne korleis desse er regulerte i ulike europeiske land. Ta kontakt med for å få tilsendt prosjektskissa. Arbeidsoppgåver: Arbeide med vitskapeleg arbeid som hovud- eller medforfattar som skal resultere i minimum 6 fagfellevurderte publikasjonar. Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaer. Delta på og vere med å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med prosjektleiaren og dei andre prosjektmedlemane. Delta aktivt som medlem av og bidragsytar til Forskargruppa i obligasjonsrett, tingsrett og konkursrett, og bidra til eit godt fagmiljø ved fakultetet. Kvalifikasjonar og eigenskapar Du må ha norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Du må ha doktorgrad i rettsvitskap. Det er ein føresetnad at du har levert doktoravhandling innan søknadsfristen, og at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Temaet for doktorgradsarbeidet, eller kandidaten si ekspertise, bør vere knytt til perspektiv innan norsk formuerett. Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert. Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget og eit finansrettslegfagmiljø. Du må ha gode kunnskapar i både engelsk og norsk, på høgt nivå, så vel munnleg som skriftleg. Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for prosjektet. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju. Om postdoktorstillinga Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til anna karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Vi tilbyr Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. Løn som postdoktor (kode1352) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årslønn på kr. 728 000 – 800 000. Videre opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal inne
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card