Forskar (100%), ved Insititutt for Biomodisin

Universitetet i Bergen · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Universitetet i Bergen
Location
Bergen
Posted
October 5, 2026

About this job

Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Forskar ved Institutt for biomedisin Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %) i det eksternfinansierte prosjektet «Converging cancer neuroscience and immuno-oncology for a novel gene therapy against brain tumors». Ønska oppstart i stillinga er 1. januar 2027. Prosjektet har ei førebels finansiering for stillinga frå Europeisk forskningsråd fram til 30.09.3031. Forskaren vil arbeide med eit komplekst og tverrfagleg cellebiologisk prosjekt som spenner over kreftnevrovitskap og immunonkologi. Mekanismar for kommunikasjon mellom tumor og astrocyttar, samt interaksjonar mellom kreftcelledød og makrofagar, vil bli undersøkt for å etablere ei ny behandling for hjernesvulstar. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Utføre in vitro- og in vivo-eksperimentar for prosjektet Analysere og tolke eksperimentelle data Utføre bioinformatiske analysar av RNA-sekvensering og spatial transcriptomics data Delta i manuskriptskriving og skriving av søknader om forskningsmidlar Rettleie master- og doktorgradsstudentar Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan cellebiologi og molekulær biologi inkludert metoder som cellekultur (dyrking og eksperimenter), flow cytometri, dyreforsøk og kunnskap i analyser av bioinformatiske data som for eksempel RNA sekvensering. Det er ønskelig at forskeren skal ha erfaring med konfokal mikroskopi og erfaring med analyser av spatial transcriptomics data Erfaring frå forskning innafor immunologi, nevrovitskap og kreft vil bli tillagt stor vekt. Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid Personleg eigenskapar for stillinga og forskingsgruppa vil bli tillagt stor vek Særlege krav til stillinga Regelverket for eksportkontroll gjeld for Universitetet i Bergen. Regelverket vil liggje til grunn i handsaminga av søknadane. Søknaden skal innehalde: Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV) Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format) To referansar (namn og kontaktinformasjon) Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden. Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar: Stillinga er fast, men er for tida finansiert gjennom eksterne forskingsmidlar. Søkjarar blir gjorde merksame på at bortfall av finansiering kan få konsekvensar for stillinga. Dersom finansieringsgrunnlaget fell bort, kan dette gi grunnlag for oppseiing etter reglane i statsansattelova. Reglane om oppseiing og fortrinnsrett i statsansattelova vil då gjelde Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk Vi kan tilby: Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan hjernekreft Løn for tida kr 690 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 710 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Generell informasjon: Nærare opplysningar om stillinga kan ei

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free