Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Nyfødt intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Nyfødt intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Ålesund
- Posted
- October 1, 2026
About this job
Seksjon for nyfødd intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar. Fire av plassane er til høgintensiv behandling, medan seks er til intermediær behandling. I tillegg har vi familierom og tilbod om heimesjukehus. Vi dekkjer nyføddtilbodet i heile Møre og Romsdal og behandlar premature born frå svangerskapsveke 26, i tillegg til alle andre sjuke nyfødde born. Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med dyktige, engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit tett og godt tverrfagleg samarbeid, både internt i avdelinga og på tvers av klinikken. Ved nytilsetjing får du eit grundig opplæringsprogram over seks veker. Interne omrokkeringar kan òg føre til at det blir ledige stillingar i seksjonen. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Arbeidsoppgåver Varierte sjukepleiprosedyrer og oppgåver relatert til premature og sjuke nyfødde born Legemiddelhandtering Bruk av medisinskteknisk utstyr Familiebasert omsorg Rettleiing Tverrfagleg samarbeid Kontinuerleg forbetringsarbeid Arbeid med kvalitet- og pasientsikkerheit Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Det er ønskjeleg med vidareutdanning i nyfødtsjukepleie, barnesjukepleie eller intensivsjukepleie Gode samarbeidsevner og et sterkt pasientfokus Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Personlege eigenskapar Du er fagleg sterk og set pasienten i fokus Du er engasjert og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo Du tek initiativ, er fleksibel og strukturert Du er positiv, har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre Vi tilbyr Ein spennande og givande arbeidsplass Ei god opplæring og gode kollegaer Eit solid fagmiljø som bidreg til di faglege utvikling Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Ann-Iren Vartdal, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5172561498 Stillingsprosent: 80, 65, 100% Vikariat Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 02.01.2028 Søknadsfrist: 18.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Veterinær til VetXL Ålesund · Allcare Solutions As
- SELGER VALAKER BAKERI AVD. ØST · Valaker Bakeri Og Konditori As Avd Moa Øst
- Pedagogisk leder · Norlandia Flisnes
- Avis/Pakke distributør Ålesund · Polaris Distribusjon Nordvestlandet As
- Liker du fleksibilitet og variasjon – og er dyktig når det virkelig trengs? Vi søker nå pålitelige deltids ansatt og tilkallingsvikarer i Ålesund · Nor Facility As Avd Postvegen 17
- Driftseiningsleiar · Møre og Romsdal Politidistrikt
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card