Driftseiningsleiar

Møre og Romsdal Politidistrikt · Ålesund

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Møre og Romsdal Politidistrikt
Location
Ålesund
Posted
October 5, 2026

About this job

Om stillinga Vil du leie PST Møre og Romsdal? Vi søkjer ein engasjert og strategisk leiar til stillinga som politiinspektør med ansvar for PST si verksemd i Møre og Romsdal. Stillinga er ein del av leiargruppa til politimeisteren og er stadsplassert i Ålesund eller Kristiansund. Politiets sikkerhetstjeneste (PST) er den nasjonale etterretnings- og tryggingstenesta i Noreg og har ei viktig rolle i å verne demokratiet, borgarane og dei vitale samfunnsinteressene. PST er ei fleirfagleg teneste med behov for variert kompetanse. PST er fagleg leia av Den sentrale enhet (DSE) i Oslo. PST har distriktskontor i alle politidistrikt i landet, og PST sitt samfunnsoppdrag lokalt blir tatt hand om av politimeisteren i Møre og Romsdal gjennom PST si distriktseining. Er du klar for å bidra til dette viktige arbeidet i ein utfordrande og meningsfull leiarposisjon? Då kan dette vere stillinga for deg. Dette ser vi etter hos ein ny leiar Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare at ein opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evne til å sørgje for eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver Du skal leggje til rette for at eininga bidreg til å handtere dei mest alvorlege truslane mot tryggleiken i riket lokalt og nasjonalt. I tillegg skal du initiere og leggje til rette for god samhandling på tvers av PST sine distriktseiningar og DSE. Eit velfungerande og tett samarbeid med politiet og andre relevante partnarar er også av høg viktigheit og forventa. Du vil vere ansvarleg for rapportering, samt operativ og strategisk avgjerdsstøtte til politimeisteren og Sjef PST. I tillegg skal du bidra til å utvikle og gjennomføre nasjonale strategiar i PST. Du vil også ha budsjett-, resultat- og personalansvar for eininga, inkludert ansvar for effektiv ressursutnytting, måloppnåing og høg kvalitet i tenesteproduksjonane. Som leiar i PST har du også ansvar for at medarbeidarane har kunnskapen, ferdigheitene og haldningane som varetar tryggleiken i PST. Det skal vere godt og givande å jobbe i PST. Det er derfor viktig at du evner å vedlikehalde og utvikle arbeidsmiljøet i PST Møre og Romsdal i tråd med den kulturen og dei verdiane vi ønskjer. Ved å fokusere på strategisk kompetanseutvikling vil du vere ansvarleg for å byggje kompetansen til eininga i tråd med den forventa utviklinga i trusselbiletet. Det vil nærmare bli gjort greie for andre arbeidsoppgåver under intervjuet. Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: bestått Politi(høg)skolen eller mastergrad i rettsvitenskap/juridisk embetseksamen relevant leiarfaring god resultatoppnåing frå tidlegare stillingar god forståing for lovmessige moglegheiter og avgrensingar god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga må kunne kunne bli klarert og autorisert for Strengt hemmelig og Nato Secret Det er også ønskjeleg med leiarutdanning god kjennskap til partssamarbeid etter Hovedavtalen i Staten god kompetanse innan innovasjon og bruk og utvikling og av teknologi i det daglege arbeidet erfaring/utdanning innan etterretning erfaring frå å handtere media Personlege eigenskapar empatisk, god på relasjonar, kommunikasjon og samarbeid inspirerande/motiverande leiarstil fagleg og personleg integritet og høge etiske standardar god evne til å tenke heilskapleg, langsiktig og strategisk god evne til å organisere og fordele arbeid stødig og god vurderings- og avgjerdsevne løysingsorientert med god gjennomføringsevne Motivasjon og personlege eigenskapar vil bli vektlagt i rekrutteringsprosessen. Du må ha dei personlege eigenskapane som ei tryggingstjeneste krev. Profesjonalitet, pålitelegheit, lojalitet og dømmekraft er nøkkelomgrep i denne samanhengen. Som tilsett i ein beredskapsorganisasjon er det forventa det at du er fleksibel og villig til å yte ekstra når situasjonen krev det. Som medarbeidar i polit

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free