Overlege palliasjon
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Ålesund
- Posted
- September 29, 2026
About this job
Vil du vere med å forme framtidas palliative teneste i Møre og Romsdal? Ved Kreftavdelinga Ålesund sjukehus har vi ledig 100 % fast stilling som overlege i palliativt team frå 1. april 2027. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk lege som ønskjer å bidra til utvikling av palliasjon som fagfelt, og til å gi pasientar og pårørande behandling og oppfølging av høg kvalitet. Palliativ medisin er eit fagområde i sterk utvikling og omfattar avansert symptomlindring, medisinske vurderingar, kommunikasjon og tett samarbeid med både spesialist- og kommunehelsetenesta. Stillinga gir unikt høve til å arbeide breitt klinisk og samtidig bidra til fagutvikling, undervisning og samhandling på tvers av nivåa i helsetenesta. Vi lyser i utgangspunktet ut stillinga som ei fast 100 % stilling, men vi oppmodar også legar som ønskjer deltidsstilling eller kombinasjonsstilling til å søkje. Det kan vere aktuelt å dele stillinga mellom to søkjarar, om ein ser dette som mest hensiktsmessig gjennom søknads - og tilsettingsprosessen. Om palliativt team; Palliativt team ved Ålesund sjukehus er organisert i Kreftavdelinga og arbeider tett saman med andre spesialistar, sjukepleiarar og andre faggrupper kring pasientar med alvorleg sjukdom og komplekse symptom. Teamet har ei sentral rolle i samhandlinga mellom sjukehuset og kommunane, og bidreg med rådgiving, rettleiing og kompetansebreidding til helsepersonell i heile regionen. Arbeidet omfattar pasientar med kreftsjukdom, men og pasientar med andre alvorlege og livsavgrensande sjukdomar som har behov for spesialisert palliasjon. Arbeidsoppgåver Polikliniske konsultasjonar Oppfølging av inneliggande pasientar ved Sengepost for kreft og blodsjukdommar, og ved andre avdelingar Vurdering og prioritering av tilvisingar Ambulant verksemd og heimebesøk Deltaking i tverrfaglege møte Rådgiving og rettleiing til helsepersonell i sjukehus og i kommunehelsetenesten Undervisning og kompetansebygging innan palliasjon Bidra til kvalitetsarbeid, fagutvikling og vidareutvikling av tenesta Eventuell deltaking i forsking og innovasjonsarbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Godkjend spesialist innan relevant fagområde. Særleg aktuelle spesialitetar kan vere onkologi, anestesiologi, indremedisin, allmennmedisin eller andre fagområde med relevans for palliasjon Interesse for eller erfaring frå palliasjon Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg Erfaring frå samhandling mellom kommune- og spesialisthelseteneste er ein fordel Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: har eit sterkt engasjement for pasientbehandling og livskvalitet møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati trivst med tverrfagleg samarbeid er fagleg nysgjerrig og ønskjer å vidareutvikle tenesta arbeider sjølvstendig og strukturert bidreg positivt til arbeidsmiljøet Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Ei spennande stilling i eit fagområde med aukande betydning i helsetenesta Eit inkluderande og kompetent tverrfagleg fagmiljø Varierte arbeidsoppgåver og høg grad av sjølvstende Gode moglegheiter for kompetanseutvikling innan palliasjon Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Synnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar,, Arbeidsstad Åsehaugen 15 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5185242166 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Avis/Pakke distributør Ålesund · Polaris Distribusjon Nordvestlandet As
- Liker du fleksibilitet og variasjon – og er dyktig når det virkelig trengs? Vi søker nå pålitelige deltids ansatt og tilkallingsvikarer i Ålesund · Nor Facility As Avd Postvegen 17
- Driftseiningsleiar · Møre og Romsdal Politidistrikt
- Tenesteplanleggjar · Møre og Romsdal Politidistrikt
- Min super-BPA har flyttet. Er du min nye Hans? · Medvind Assistanse AS
- Beredskapsrådgiver/koordinator · Miljøberedskap, Kystverket
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card