Stipendiat i atmosfærefysikk
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- September 2, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Geofysisk Institutt (GFI) og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i atmosfærefysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet «Reaching AI Projections Trustworthy for Unseen Rainfall Extremes (RAPTURE)», finansiert av eit Starting Grant frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Om prosjektet/arbeidsoppgåver Korleis kan me simulera eigenskapar og farar ved ekstrem nedbør under tilhøve me aldri har observert, på ein truverdig måte? RAPTURE er eit femårsprosjekt som fokuserer på dette spørsmålet, som ligg i kjernen av forståinga av flaumkatastrofar i ei stadig varmare og våtare verd. RAPTURE samlar høgoppløyselege fysiske simuleringar, maskinlæringsbaserte klimaemulatorar og nye perspektiv på dynamikken i ver og klima for å forstå i) kva noverande simuleringar av ekstrem nedbør allereie fangar opp påliteleg, ii) kvar dei treng å betrast, og iii) korleis dei kan betrast. Å arbeida som del av RAPTURE vil gi kompetanse innan dynamisk meteorologi, maskinlæring for jordsystemet og klimarisikoforsking, med høve til å delta i europeisk forskingssamarbeid. Den som vert tilsett vil arbeida med nokre av dei mest høgoppløyselege regionale klimasimuleringane som til no er produserte, og undersøkje kva som forårsakar ekstrem nedbør lokalt, kor godt desse prosessane er representerte i simuleringane, og korleis dei er venta å endra seg i framtida. Ein vil òg undersøkja om fysisk funderte og maskinlæringsbaserte klimaprojeksjonar gjev same bilete – og om ikkje, kvifor ikkje? Den som vert tilsett vil skriva vitskapelege publikasjonar, ha høve til å delta på og presentera på internasjonale workshopar, konferansar og sommarskular, og vil utvikla sterke tekniske kvalifikasjonar til støtte for framtidige karriereambisjonar i akademia eller industri. Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk, meteorologi, matematikk, datavitskap eller eit relatert fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Gode matematiske og kvantitative ferdigheiter er eit krav. Erfaring og/eller sterk interesse for meteorologi er ein fordel. Dokumenterte ferdigheiter i vitskapleg programmering, til dømes i Python, er ein fordel. Dokumenterte ferdigheiter i geospatial dataanalyse er ein fordel. Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi kan tilby eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. medlemskap i Statens pensjonskasse g ode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: Eit søknadsbrev som inneheld: ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Leiar stab · Skyss
- Leiar teknologi · Skyss
- Kafèmedarbeider til HVL Kronstad · Studentsamskipnaden på Vestlandet - Sammen
- Pedagogisk Leder · Fløyfjellet naturbarnehage, Bergen kommune
- Avdelingsleder til Svaneviksveien bofellesskap · Botjenester i Årstad, Bergen kommune
- Vi søker Statsautorisert Regnskapsfører til viktig portefølje. Bli en del av Økonomihuset! (Søk uten CV og søknadsbrev) · Ansettr AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card