Leiar teknologi

Skyss · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Skyss
Location
Bergen
Posted
October 7, 2026

About this job

Vil du vere med og forme digitale løysingar bak dei gode kvardagsreisene? Skyss har eit viktig samfunnsoppdrag og er ein synleg del av kvardagen i Vestland. Vi treng ein leiar som ser korleis teknologi kan gjere det enklare å reise kollektivt og bidra til den digitale utviklinga i Skyss. Dette er eit viktig grunnlag for nøgde kundar og vidare passasjervekst. Vi treng ein leiar for avdeling teknologi. Her skal du samle behova i Skyss, skape tydelege prioriteringar og sørgje for at teknologiske val gir nytte for organisasjonen og kundane. Du skal synleggjere moglegheiter og gi organisasjonen eit godt grunnlag for avgjerder. Saman med fagmiljøa skal du utvikle arbeidsprosessar og bidra til at nye digitale løysingar blir tekne i bruk på ein god måte. Arbeidsoppgåver Skyss er del av eit bransjesamarbeid for digital tenesteutvikling. Som leiar for teknologi vil du få ei sentral rolle med å utvikle dette samarbeidet for Skyss. Dataforvaltning og analyse, IT-arkitektur og personvern er også del av ansvarsområdet ditt. Avdelinga skal sikre at system og data heng saman og støttar behova våre, både i dag og framover. I denne rolla vil du ha tett samarbeid med fagmiljø, leverandørar og andre aktørar i kollektivbransjen. Du skal samle og representere Skyss sine digitale utviklingsbehov i bransjesamarbeid om digital tenesteutvikling. Du er ein del av direktøren si leiargruppe og har personalansvar for medarbeidarane i avdelinga. Kvalifikasjonar (overskrift) Vi ser etter deg med relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre rolla treng du erfaring med prosess- og prosjektleiing, og kunne sjå korleis digital innsikt og utvikling kan brukast strategisk for å styrkje verksemda. Du evnar å gjere det komplekse forståeleg, og formidlar moglegheiter og konsekvensar på ein måte som legg grunnlag for gode avgjerder. Har du også leiarerfaring eller erfaring med endringsleiing, gjerne frå offentleg sektor, er det ein fordel. Du har god prosessforståing og teknisk innsikt og er nysgjerrig på nye moglegheiter. Du ser heilskapen, prioriterer mellom ulike behov og formidlar moglegheiter, konsekvensar og vegval på ein forståeleg måte. Som leiar skaper du tillit og gir dyktige medarbeidarar tydeleg retning og handlingsrom. Hos Skyss får du arbeide med engasjerte fagmiljø og påverke korleis teknologi bidreg til gode og berekraftige reiser i heile fylket. Andre opplysningar: Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf., Julian Smørdal tlf. eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf.. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen. Kontaktinformasjon Målfrid Vik Sønstabø, direktør, Matae v/Julian Smørdal, Matae v/Merethe Mæland, Arbeidsstad Lars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5190325917 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free