Vernepleiar eller sjukepleiar i medleverturnus

Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune · Sandane

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Location
Sandane
Posted
November 17, 2026

About this job

Ønskjer du ein jobb der du kan kombinere fagleg ansvar med lange friperiodar? Vi har ledig eit års vikariat i 100 % stilling etter medleverprinsippet for vernepleiar eller sjukepleiar med erfaring frå miljøarbeid. Det vil vere moglegheit for forlenging i form av fast stilling i langvakter i tenesta. Tilredning 01.04.2027 eller tidlegare etter avtale. I Miljøarbeidartenesta avdeling 2, Myklebusttunet arbeider du tett på personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov. Du får ei sentral rolle i den daglege oppfølginga av brukarane, med ansvarsvakt, helsefaglege oppgåver og miljøarbeid. Stillinga følgjer medleverordninga (2-7-2-7-3-7), som gir ein fleksibel arbeidskvardag med gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi treng deg som ser heile menneske, som har fokus på å skape gode og meiningsfulle kvardagar med fokus på løysingar og ikkje problem. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga. Hjå oss kan du få Ein turnus som er organisert etter medleverordning etter prinsippet 2 dagar jobb - 7 dagar fri (2-7-2-7-3-7) med kvilande natt. Arbeid kvar 4.helg. Du arbeider som oftast to døgn i vekedagane og tre døgn på helg, med påfølgande friperioder. I tillegg til døgnvakter har vi personalmøter, fagmøter etc som er lagt i turnus. Eit engasjerande og inkluderende fagmiljø. Arbeid med fag og fagutvikling, til dømes gjennom deltaking i fagnettverk og eigne fagmøter felles for Miljøarbeidartenesta. Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Arbeidsoppgåver Oppgåvene er brukarretta og består mellom anna av: Gi individuelt tilpassa oppfølging og miljøterapeutisk arbeid til personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov. Ivareta helsefagleg oppfølging, legemiddelhandtering, observasjon og dokumentasjon. Ha ansvarsvakt og bidra til fagleg forsvarleg drift og kvalitet i tenestene. Ha primærkontaktansvar og medverke til planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. Samarbeide tett med brukarar, pårørande, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar. Bidra til fagutvikling, rettleiing og kompetansedeling i tenesta. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som vernepleiar. Norsk autorisasjon som sjukepleiar kan også vere aktuelt. For sjukepleiarar er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og miljøterapeutisk arbeid. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. God digital kompetanse og erfaring med dokumentasjon i elektronisk pasientjournal. Førarkort klasse B. Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi oppmodar særleg menn til å søkje, då personalgruppa i dag har ei overvekt av kvinner. Personlege eigenskapar Du er trygg, tydeleg og ansvarsmedviten i møte med brukarar, pårørande og kollegaer. Du har evne til å arbeide sjølvstendig, ta faglege avgjerder og samstundes vere ein god lagspelar. Du er fleksibel, løysingsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag. Du har interesse for fagutvikling, kvalitetsforbetring og utvikling av gode tenester. Du bidreg aktivt til eit positivt, inkluderande og utviklande arbeidsmiljø. For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Kontaktinformasjon Sandra Berge, Konst. avd.leiar Miljøarbeidertenesta, Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, Arbeidsstad Grandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5193869849 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.04.2027 Sluttdato: 31.03.2028 Søknadsfrist: 03.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free