100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen
Ullensvang kommune Omsorgstenesten vest, Utne · Utne
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Ullensvang kommune Omsorgstenesten vest, Utne
- Location
- Utne
- Posted
- November 17, 2026
About this job
Fast 100 % stilling som helsefagarbeidar Arbeidsstad: Omsorgstenesta vest Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim, dagtilbod, kjøkken og heimetenester. Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom, og 2 er kortidsplassar. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på sjukeheimen og til nokre pasientar som bur i heimen. I heimetenesta yter me tenester til om lag 75 pasientar. I Omsorgstenesta vest har me eit fleirkulturelt miljø, og personalet hjå oss kan få arbeidsoppgåver både på institusjonen og i heimetenesta. Så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag. Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat. God opplæring vert gitt. Stillinga er ledig frå dags dato. Arbeidsoppgåver: Legemiddelhandtering MIljøarbeid Utføra helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Følgje opp eininga sine målsetjingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane Halde seg fagleg oppdatert Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem Aidn. Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar Kvalifikasjonskrav: Autorisasjon som helsefagarbeidar. Helsepersonell under utdanning kan verte vurdert. Gode digitale ferdigheiter Personlege eigenskapar: Gode samarbeidsevner Positiv og godt humør Engasjert Endringsdyktig Fleksibel Punktlig og strukturert Me tilbyr: Varierte arbeidsoppgåver Spennande arbeid Lønn etter hovudtariffavtalen Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen Årsturnus, med mulighet for langvakter. Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår. Krav: Politiattest jfr gjeldande lov Førarkort klasse B er ynskjeleg. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Helsefagarbeider - Praktisk bistand · Indre Østfold kommune
- Sjukepleiar/vernepleiar, 100% · Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste, ambulerande
- Helsefagarbeider, 45% fast stilling · Habilitering voksne sentrum, Kristiansand kommune
- Osteoporose-sykepleier · Poliklinikk for osteoporose, Bærum sykehus
- Sykepleier · Medisinsk divisjon, Gastromedisin og infeksjon post S302
- Sykepleiere til vakre Lofoten · Emploi Helse As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card