Helsefagarbeidar 80 % og 90 % fast stilling
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter, seksjon langtid · Fosnavåg
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Herøy kommune, Herøy omsorgssenter, seksjon langtid
- Location
- Fosnavåg
- Posted
- November 15, 2026
About this job
Vil du vere med og gjere ein forskjell kvar dag? Ved Herøy omsorgssenter får du bruke kompetansen din til å skape tryggleik, trivsel og gode dagar for pasientane våre. Vi søkjer no to engasjerte helsefagarbeidarar som ønskjer å vere ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på omsorg, samarbeid og kvalitet. Hos oss blir du ein viktig del av teamet på langtidsavdelinga. Saman arbeider vi for at pasientar skal få ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag. Vi legg vekt på fagleg utvikling og godt samarbeid Vi har følgjande faste stillingar ledige: 80 % stilling i 3-delt turnus, med langvakter på 12,5 timar kvar 4. helg. 90 % stilling i 2-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Stillingane er for tida i langtidsavdelinga ved Herøy omsorgssenter. Herøy omsorgssenter er lokalisert på Eggesbønes og består frå 30.11.26 av: seksjon langtid: somatisk sjukeheimseksjon seksjon blå: seksjon for personar med demens Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar, tidlegare raud og grøn seksjon. Vi skal sikre ei heilskapleg pleie- og omsorgstilbod til pasientane våra, tverrfagleg samarbeid og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane. Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane. Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter. Stillingane er ledig frå 30. november 2026. Arbeidsoppgåver individtilpassa pleie - og omsorgsoppgåver til bebuar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering og miljøarbeid) utarbeide og følgje opp tiltaksplanar dokumentasjon etter gjeldande lovverk samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta Kvalifikasjonar norsk autorisasjon som helsefagarbeidar erfaring frå liknande arbeid er ein fordel gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4). Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden Personlege eigenskapar tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver har fokus på heilskaplege pasientforløp Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring. Vi tilbyr løn etter gjeldande tariffavtale gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup fagdag i turnus Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. Kontaktinformasjon Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Sjukeheimsvegen 5A 6092 Fosnavåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5209645935 Stillingsprosent: 90% Fast Startdato: 30.11.2026 Søknadsfrist: 30.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Kreftsykepleier/sykepleier · Medisinsk sengepost 1E, Gjøvik, Sykehuset Innlandet HF
- Ledig fastlegeliste ved Nesttun legekontor · Enhet for allmennmedisin, Bergen kommune
- Vikariat Spesialergoterapeut/ ergoterapeut · Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Bergen HF
- Helsefagarbeider i turnus - er du vår nye kollega? · Hjemmebaserte tjenester Rykkinn distrikt, Bærum kommune
- Vernepleier (100% fast), samlokalisert bolig "Peer Gynt 2" · Moss kommune
- Helsefagarbeider · Midtre Agder DPS døgnenhet, Sørlandet sykehus, Kristiansand
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card