100% Spesialsjukepleiar

Alver kommune · Lindås

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Alver kommune
Location
Lindås
Posted
November 12, 2026

About this job

Om stillinga Vi har ledig fast 100% stilling som spesialsjukepleiar frå 20.01.2027. Vi søkjer deg som har erfaring frå psykisk helse- og rusfeltet, og som ønskjer å bruke fagkompetansen din i tett oppfølging av menneske over tid. Hos oss blir du ein del av kommunen sitt viktige samfunnsoppdrag: å sikre trygge og likeverdige tenester som støttar den enkelte i å meistre kvardagen og leve eit mest mogleg sjølvstendig liv. Arbeidstida er organisert i langvakter på 12,5 timar, med arbeid kvar fjerde helg. Den komprimerte arbeidstidsordninga gir færre oppmøtedagar og kan gjere det lettare å kombinere ein meiningsfull jobb med livet utanfor arbeidet. Om eininga Psykisk helse og rus eining Lindås har eit heildøgnsbemanna butilbod ved Storbruhaugen omsorgsbustad pluss. Tilbodet er for menneske med samansette psykiske helseutfordringar, med og utan avhengnadsproblematikk. Vi arbeider for trygge butilhøve og støttar den enkelte i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv. Som spesialsjukepleiar får du bruke erfaringa di i relasjonsarbeid, miljøterapeutisk oppfølging og faglege vurderingar. Med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og mål bidreg du til tryggleik, meistring og medverknad i kvardagen. Arbeidsoppgåver Miljøterapeutisk oppfølging i heimen til tenestemottakaren Relasjonsarbeid som fremjar tryggleik, tillit og meistring Praktisk bistand og opplæring Tilpassa hjelp og støtte i kvardagslege gjeremål Legemiddeladministrering Primærkontaktoppgåver Dokumentasjon i pasientjournal Kvalifikasjonskrav Autorisasjon som sjukepleiar Relevant videreutdanning (minimum 60 stp) innan psykisk helse og rusfeltet Erfaring med miljøterapeutisk arbeid God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Førarkort klasse B Kven er du? Du er trygg i eigne faglege og etiske vurderingar og samarbeider godt med andre. Du har eit genuint engasjement for målgruppa og ser mennesket bak utfordringane. Du bruker erfaringa di til å byggje tillit og gode relasjonar over tid. Du kommuniserer tydeleg og respektfullt, både skriftleg og munnleg. Du er påliteleg og bidreg til eit trygt bumiljø og eit godt arbeidsmiljø. Du er fleksibel og løysingsorientert. Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi tilbyr Eit meiningsfullt arbeid med eit viktig samfunnsoppdrag Komprimert arbeidstidsordning med langvakter på 12,5 timar og arbeid kvar fjerde helg For tida høve til overnatting på arbeidsstaden Eit godt arbeidsmiljø Fagutvikling og høve til å bruke spesialkompetansen din Kr 10 000 over garantilønsstigen Tilsetjing i kapittel 4, i stilling med krav om fireårig universitets- eller høgskuleutdanning: kr 586 400–673 200 Pensjonsordning i KLP Gratis parkering Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free