Seksjonsleiar lege, Radiologisk avdeling
Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF
- Location
- Bergen
- Posted
- November 10, 2026
About this job
Ønsker du ei leiarrolle i eit av dei mest avanserte radiologiske fagmiljøa i Noreg? Vi søker ein seksjonsleiar lege med sterk fagleg forankring og gjerne med leiarerfaring for å vidareutvikle vårt høgt spesialiserte fagmiljø. Om avdelinga: Radiologisk avdeling er ei av dei største i landet, og avdelinga utfører eit breitt spekter av diagnostiske undersøkingar og intervensjons- og behandlingsprosedyrar. Vi tilbyr avansert biletdiagnostikk innan nukleærmedisin og radiologi for mellom anna områda nevroradiologi, muskel- og skjelettradiologi, onkologisk biletdiagnostikk, thorax- og abdominal radiologi, brystdiagnostikk, barneradiologi og intervensjonsradiologi. Legar tilsett ved PET-senteret og Brystdiagnostisk senter (BDS) har eigen leiar, alle andre legar ved avdelinga vert leia av Seksjonleiar lege. Avdelinga har ei sentral rolle i sjukehuset si tverrfaglege pasientbehandling og samarbeider med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet om forsking og utdanning av legar og radiografar. Avdelinga har om lag 340 tilsette, deriblant om lag 88 legar, inkludert LIS-legar. Legane samarbeider tett med radiografar, fysikarar og anna helsepersonell. Vi har moderne utstyrspark som inkluderer MR, CT, PET, ultralyd og røntgen/intervensjons-diagnostikkrom. Avdelinga og avdelinga si forskingseining (MMIV) er ein leiande aktør innan radiologisk forsking og i implementering av kunstig intelligens (KI) i biletdiagnostikk. Om stillinga: Som seksjonsleiar for legane vil du ha det overordna ansvaret for den medisinskfaglege drifta ved avdelinga (med unntak av PET senteret og BDS) og ha økonomiansvar for legeseksjonen. Du vil vere ein del av avdelinga si leiargruppe og jobbe tett med avdelingsdirektør, seksjonsleiarar og nøkkelpersonell for å sikre høg kvalitet på tenesta, pasientsikkerheit, fagutvikling og forsking innan dei til ein kvar tid gjeldande økonomiske rammane. Arbeidsoppgåver Ansvar for å sikre ei trygg og ansvarleg radiologisk verksemd i tråd med sjukehusets og avdelingas til ein kvar tid gjeldande behov og ramme Sikre fagleg leiing og utvikling av avdelinga innanfor gjeldande økonomisk ramme i tråd med sjukehuset sin strategi Personalansvar for overlegar og fagleg rettleiing for LIS-legar ved seksjonen i samarbeid med assisterande seksjonsleiar lege. Sikre forsvarleg medisinsk drift og optimal og effektiv pasientflyt Bidra til utvikling av nye diagnostiske metodar og vidareutvikling av KI-verktøy og digitale løysingar Tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for å optimalisere diagnostiske tenester Delta i forskings- og innovasjonsarbeid innan radiologi Overordna ansvar for utdanning og kompetanseutvikling i avdelinga Representere avdelinga i relevante faglege og administrative forum Vi ser etter ein fagleg sterk og engasjert leiar med følgjande kvalifikasjonar Spesialist i radiologi med norsk autorisasjon Erfaring med organisering av radiologiske tenester Gode evner til strategisk tenking, samarbeid og kommunikasjon Det er også ønskeleg at søkar har erfaring eller kjennskap til: Leiing eller sterk interesse for leiarutvikling Forskingsarbeid med gjennomført PhD Kvalitetsforbetring og innovasjon Ressursstyring, arbeidstidsplanlegging, økonomistyring og bruk av kunstig intelligens i radiologi Vi oppmodar òg deg som ikkje har lang leiarerfaring, men som har stor motivasjon for leiarutvikling og engasjement for faget, til å søke. Personlege eigenskapar Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar Gode evner til strategisk tenking, kommunikasjon, samarbeid og økonomistyring Høg gjennomføringsevne og strukturert arbeidsstil Sterke samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar Evne til å handtere endringsprosessar med tryggleik og profesjonalitet Vi tilbyr Ei sentral leiarrolle i ei av dei mest avanserte radiologiske avdelingane i landet Moglegheit til å påverke fagfeltet gjennom leiing, utvikling av drifta, innovasjon og forsking Eit sterkt leiarteam og god administrativ støtte Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar Eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og fagleg utvikling Bli ein del av vårt sterke fagmiljø – vi ser fram til å høyre frå deg! Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Ingfrid Helene Salvesen Haldorsen, Avdelingsdirektør,, Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5208538622 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Helsesekretær og sekretær - faste stillingar · Helse Bergen HF
- Overlege i Karkirurgi · Kirurgisk klinikk, Helse Bergen HF
- Fire ukers fastlegevikariat på Vestlandet i desember · Dignus Medical - Kletor AS
- Tannhelsesekretær ved spesialistklinikken på TkVestland · IDI - Vestland tannhelseteneste, Vestland fylkeskommune
- Vikariat Spesialergoterapeut/ ergoterapeut · Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Bergen HF
- Lege - 1 fast stilling, 1 vikariat · Ortopedisk klinikk/ Skadepoliklinikken, Helse Bergen HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card