Tilsynslege og helsestasjonslege

Barn, familie og helse, Giske kommune · Valderøya

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Barn, familie og helse, Giske kommune
Location
Valderøya
Posted
November 9, 2026

About this job

Giske kommune søkjer kommunal lege i fast stilling. Vi tilbyr ei spennande og variert stilling med moglegheit til å kombinere arbeid som tilsynslege ved sjukeheim med oppgåver ved helsestasjonen. Stillinga kan tilpassast den som blir tilsett, både når det gjeld arbeidsoppgåver og stillingsstorleik. Vi ønskjer derfor søkjarar som kan vere interesserte i stillingsomfang frå 70 til 100 prosent. Som kommunal lege vil du få ein sentral fagleg rolle i oppfølginga av eldre pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar. Du vil samarbeide tett med sjukepleiarar, avdelingsleiarar, pårørande og andre helsefaglege samarbeidspartnarar, og vere med på å utvikle gode og framtidsretta tenester. Arbeidsoppgåver Vigra omsorgssenter 24 sjukeheimsplassar Tilsynslegefunksjon tilsvarande om lag 30 % stilling Giske omsorgssenter, Valderøya To langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling Totalt 30 sjukeheimsplassar Tilsynslegefunksjon tilsvarande om lag 40 % stilling Helsestasjon på Valderøya Moglegheit for inntil 20 % stilling som helsestasjonslege Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege. Relevant spesialistgodkjenning, helst innan allmennmedisin, geriatri eller annan relevant spesialitet. Kommunen kan også vurdere søkjarar som er i relevant spesialiseringsløp (LIS3). Erfaring frå arbeid i sjukeheim, kommunale helse- og omsorgstenester eller geriatrisk verksemd er ønskeleg. Kunnskap om behandling og oppfølging av skrøpelege eldre, demenssjukdom, multimorbiditet, legemiddelgjennomgang og palliasjon er ein fordel. Kompetanseområde i alders- og sjukeheimsmedisin er ønskeleg, men ikkje eit krav. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Førarkort klasse B. Personlege eigenskapar Du har interesse for arbeid med eldre og personar med samansette medisinske behov. Du er fagleg engasjert og oppteken av kvalitet i pasientbehandlinga. Du arbeider sjølvstendig, strukturert og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og trivst i tverrfagleg samarbeid. Du er trygg i møte med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar. Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom openheit, respekt og godt humør. Du er fleksibel og løysingsorientert i møte med nye utfordringar. Du har evne og interesse for utviklings- og kvalitetsarbeid. Vi tilbyr Fast stilling i 70-100 % etter avtale. Løn etter avtale. Stor grad av fleksibilitet ved samansetjing av stillinga. Fagleg interessante arbeidsoppgåver innan alders- og sjukeheimsmedisin. Moglegheit til å kombinere arbeid med eldre og førebyggjande helsearbeid for barn og unge. Tett tverrfagleg samarbeid og kort veg til beslutningar. Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Tilrettelegging for samarbeid og fagleg fellesskap med fastlegane i kommunen. Kontaktinformasjon Karoline Roald Skjong, avdelingsleiar, Anne-Line Sommerdalen, kommuneoverlege, Gretha Giske, einingsleiar, Arbeidsstad Ytterland 1 6050 Valderøya Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5207871661 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free