Sjukepleier/vernepleier

Velferd, Kviteseid kommune · Kviteseid

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Velferd, Kviteseid kommune
Location
Kviteseid
Posted
November 8, 2026

About this job

Kviteseid kommune søkjer etter engasjerte sjukepleiarar eller vernepleiarar til to faste 100 % stillingar og to faste 80 % stillingar. Me står midt i ei spennande utvikling der samarbeidet mellom Kviteseid omsorgssenter og heimetenesta blir styrkt for å møte framtidas behov på ein best mogleg måte. Målet er å byggje eit enda sterkare fagmiljø på tvers av tenestene, der kompetanse, erfaring og ressursar blir delte til beste for pasientane. Kviteseid kommune har allereie mange dyktige sjukepleiarar og vernepleiarar med brei erfaring, høg fagleg kompetanse og eit sterkt engasjement for faget. No ønskjer me å byggje vidare på desse ressursane gjennom tettare samarbeid, felles fagleg utvikling og meir fleksibel bruk av kompetansen på tvers av tenestene. Slik kan me nytte fagkompetansen der behova er størst, styrkje kvaliteten i tenestene og sikre gode og heilskaplege pasientforløp.Som sjukepleiar eller vernepleiar hjå oss får du ein variert arbeidskvardag gjennom ei kombostilling som omfattar arbeid både ved Kviteseid omsorgssenter og i heimetenesta. Dette gir deg høve til å følgje pasientar gjennom ulike fasar av helsehjelpa og bruke breidda i den faglege kompetansen din. I utviklinga av tenestene våre har me særleg fokus på å nytte rett kompetanse på rett stad. Målet er at sjukepleiarar og vernepleiarar i størst mogleg grad skal få bruke si fagkompetanse på pasientretta og sjukepleiarfaglege oppgåver. Du vil få arbeide med kliniske vurderingar, medisinsk oppfølging, prosedyrar, koordinering og fagleg oppfølging av pasientar, samtidig som me arbeider for gode arbeidsprosessar og ei berekraftig organisering av tenestene. Me har nyleg etablert eiga korttidsavdeling og tilbyr ein variert arbeidskvardag innan rehabilitering, observasjon, behandling, palliasjon, demensomsorg og oppfølging av kroniske sjukdomar. Hjå oss får du moglegheit til å utvikle deg fagleg, påverke tenestene og bidra i eit miljø der samarbeid, kvalitet og nytenking står i sentrum. Arbeidsoppgåver Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar med samansette helseutfordringar i heimetenesta, korttidsavdeling og langtidsavdeling Kliniske observasjonar, vurderingar, prosedyrar, medikamenthandtering og dokumentasjon Oppfølging av pasientar innan rehabilitering, palliasjon, demensomsorg og kroniske sjukdomar som KOLS og diabetes Koordinering av pasientforløp og tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar Samhandling med pasientar og pårørande Rettleiing av studentar, lærlingar og kollegaer Bidra til kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og fagutvikling Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og eit sterkt fagleg fellesskap Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg Førarkort klasse B Det er ein fordel om du har erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område: Kommunehelsetenesta Korttids- eller rehabiliteringsavdeling Demensomsorg Palliasjon og lindrande behandling Oppfølging av pasientar med KOLS og diabetes Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: Er fagleg engasjert, utviklingsorientert og oppteken av kvalitet Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Er trygg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta Er fleksibel, løysingsorientert og har evne til å prioritere Bidreg til eit positivt, inkluderande og humørfylt arbeidsmiljø Klarar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt når situasjonen krev det Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr 80-100 % fast stilling Kombostilling med arbeidsoppgåver både ved omsorgssenteret og i heimetenesta Årsturnus med stor medverknad i eigen turnus Langvakter kvar 4. helg som gir meir samanhengande fritid Me arbeider aktivt med å utvikle attraktive turnusordningar og ser på moglegheita for langvakter også i vekedagane Ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på dag, kveld og helg Faglege utfordringar i ei nyetablert korttidsavdeling Fokus på sjukepleiarfaglege oppgåver, prosedyrar og rett kompetanse på rett stad Moglegheit til å utvikle særskilt kompetanse innan demens, palliasjon, KOLS og diabetes Moglegheit for funksjon som fagressurs Aktiv deltaking i simulering, øving og ferdigheitstrening Intern og ekstern undervisning Kompetanseutvikling, faglege nettverk og mogleg støtte til relevant vidareutdanning Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humor Kontaktinformasjon Helene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, Arbeidsstad Lundenvegen 30 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5207925274 Stillingsprosent: 100, 80% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free