Fysioterapeut- 80% fast stilling
Øystre Slidre kommune · Heggenes
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Øystre Slidre kommune
- Location
- Heggenes
- Posted
- November 8, 2026
About this job
Ønskjer du å bidra med heilskaplege fysioterapeutiske tiltak for barn og unge i Øystre Slidre kommune? Vi søkjer fysioterapeut med hovudfokus på barn og unge. Øystre Slidre kommune har no ledig ei fast stilling som fysioterapeut i 80 % frå nyttår. Dette er ei variert og meiningsfull stilling som gir deg moglegheit til å arbeide tett med barn på deira eigne arenaer, ved helsestasjon, i barnehage og skule. Du vil òg få moglegheit til å arbeide med andre aldersgrupper, men oppfølging av barn og unge vil vere hovudfokuset. Du vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med å styrkje helsa og meistringsevna til barn, samstundes som du samarbeider tett med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta. Stillinga omfattar òg allmenne fysioterapeutiske arbeidsoppgåver, der du vil bidra inn i den kommunale fysioterapitenesta med vurdering, behandling og oppfølging av brukarar, både individuelt og i grupper. Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a. Arbeidsoppgåver Oppfølging av barn og unge ved helsestasjon, skule og barnehage Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar Bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet Fysikalsk behandling og målretta rehabilitering i brukaren sin heim ved behov Kurativ behandling av enkeltpersonar og leiing av gruppebasert trening for vaksne og eldre ved Helsetunet Vere koordinator for barn med samansette behov Samarbeide med ergoterapeut om formidling av hjelpemiddel Kvalifikasjonar Bachelorgrad i fysioterapi Norsk autorisasjon som fysioterapeut Det er ønskjeleg med etter- og/eller vidareutdanning innan fysioterapi for barn og unge Erfaring som instruktør for styrke- og balansegupper er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne Førarkort og tilgang til eigen bil Personlege eigenskapar Du er positiv, motivert og engasjert Du er løysingsorientert, fleksibel og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team Du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre Du arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne Du er ansvarsmedviten, initiativrik og har ei positiv haldning til tverrfagleg samarbeid Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a. Vi tilbyr Ei utfordrande stilling i ein kommune i utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar Eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling Kontaktinformasjon Gina Kvale Myreng, Avdelingsleiar helsetenesta, Arbeidsstad Bygdinvegen HEGGENES Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5207598019 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 30.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Sjukepleiar/vernepleiar, 100% · Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste, ambulerande
- Helsefagarbeider, 45% fast stilling · Habilitering voksne sentrum, Kristiansand kommune
- Osteoporose-sykepleier · Poliklinikk for osteoporose, Bærum sykehus
- Sykepleier · Medisinsk divisjon, Gastromedisin og infeksjon post S302
- Sykepleiere til vakre Lofoten · Emploi Helse As
- Tannhelsesekretær søkes til vår trivelige praksis på Bærums Verk · Bærums Verk Tannlegesenter As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card