Smittevernsjukepleiar

Avdeling for smittevern · Haugesund

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Avdeling for smittevern
Location
Haugesund
Posted
November 5, 2026

About this job

Er du interessert i smittevern, pasienttryggleik og resistente mikrobar? Ønsker du ein allsidig og spennande jobb der du kan gjere ein forskjell i helsetenesta? Hos oss får du høve til å vere kreativ og utvikle deg. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som er fagleg sterk, og som ønsker å styrke og vidareutvikle smittevernarbeidet i føretaket. Du vil vere ein viktig støttespelar for både leiarar og medarbeidarar. Vi har ledig stilling som smittevernsjukepleiar ved avdeling for smittevern, med arbeidsstad i Haugesund. Du blir ein del av eit engasjert smittevernteam som består av ein smittevernlege og tre andre smittevernsjukepleiarar, fordelte på sjukehusa på Stord, Odda og i Haugesund. Avdeling for smittevern arbeider med infeksjonsførebygging og infeksjonsovervaking, og samarbeider tett med andre profesjonar og avdelingar. Vi samarbeider òg tett med smittevernpersonell i heile Helse Vest. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø. Kva går jobben ut på? Rådgiving/undervisning/internrevisjon. Smittesporing og utbrothandtering. Infeksjonsovervaking (innhenting, registrering og analysering av data). Oppdatere prosedyrar i infeksjonskontrollprogrammet. Forbetringsarbeid og kampanjar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: norsk autorisasjon som sjukepleier god digital kompetanse gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ønskeleg at du har: videreutdanning/master innan smittevern eller annan relevant utdanning som f.eks folkehelse. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning. klinisk erfaring frå somatisk spesialisthelseteneste undervisningserfaring Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: har gode evner i kommunikasjon og samarbeid arbeider godt både sjølvstendig og i team har god evne til å motivere andre og knytte kontakter er fleksibel og løysningsorientert viser engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din Personlege eigenskapar blir vektlagd. Vi tilbyr Engasjerte kollegaer som samarbeider tett. Eit spennande og dynamisk arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte medarbeidarar. Faglege utfordringar. Moglegheit for deltaking på kurs innan fagfeltet. Dagtid med mogelegheit for fleksitid etter avtale. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Kirsti Hermstad, Funksjonsleiar, Arbeidsstad Karmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5201250082 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free