Sjukepleiar søkjast til vikariat

Hemato/endo/infeksjon sengepost Haugesund Sjukehus · Haugesund

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Hemato/endo/infeksjon sengepost Haugesund Sjukehus
Location
Haugesund
Posted
November 1, 2026

About this job

Vil du jobba på ei spennande og variert avdeling saman med energiske og flotte kollegaer? Me har no ledig eit vikariat på 62,5 % natt. Hemato/endo/infeksjon er ei medisinsk avdeling med 16 sengeplassar som omfattar tre fagfelt. Du vil jobba innanfor alle områda, og her er det rom for stor fagleg og personleg utvikling. I løpet av april/mai 2027 skal avdelinga delast, og det blir etablert ei eiga sengepost for kreft- og blodsjukdomar. Den som blir tilsett i dette vikariatet, vil få moglegheit til å vere med på denne utviklinga og bli ein del av det nye fagmiljøet. Dette gir ei unik moglegheit til å bidra i oppbygginga av ei ny sengepost og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod for pasientgruppa. Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me å høyra frå deg! 💙 Kva går jobben ut på? Utføra prosedyrar som sårstell, antibiotikabehandling, kateterisering og handtering av sentrale og perifere venekateter. Delta i arbeid på sengepost, undervisning, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid. Ta imot og følgja opp pasientar. Delta i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga. Gi god omsorg til pasientar og pårørande. Delta i tverrfaglege grupper. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Autorisert sjukepleiar. Erfaring frå kreft, infeksjon og/eller diabetes er ein fordel. Vidareutdanning innan kreft, diabetes eller infeksjon er relevant og vil bli vektlagt. Må meistra godt norsk, både munnleg og skriftleg. Gode IKT-kunnskapar. Kva ser vi etter hos deg? Du må kunne arbeida godt både sjølvstendig og i team. Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel. Du har motivasjon og interesse for fagfeltet. Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø. Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert. Du trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo. Kvifor skal du velje oss? Som nytilsett får du eit opplæringsprogram som gjer at du skal kjenna deg trygg og ivareteken. Me tilbyr ein variert arbeidskvardag der du kontinuerleg lærer nye ting og får utfordra deg sjølv. Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel. Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst. Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA). Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Kontaktinformasjon Elisabeth Eilerås Bertelsen, Funksjonsleiar, Arbeidsstad Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5203107380 Stillingsprosent: 62,5% Vikariat Startdato: 01.02.2027 Sluttdato: 31.01.2028 Søknadsfrist: 16.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free