Sjukepleiar? Då vil du ikkje gå glipp av dette!

Kirurgisk og medisinsk post, Odda sjukehus · Odda

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Kirurgisk og medisinsk post, Odda sjukehus
Location
Odda
Posted
October 15, 2026

About this job

Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt! Likar du at dagane flyg av garde fordi du alltid har noko viktig å bidra med? Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar er det fullt trøkk og høgt tempo, medan andre gir tid til gode faglege refleksjonar og ein prat med kjekke kollegaer. Vi tilbyr òg langvakter, og du får vere med og påverke din eigen turnus. Kanskje er dette arbeidsplassen for deg? Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar. Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra. 👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget! Kva går jobben ut på? Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar. Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane. Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar. Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga. Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta. Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Må ha gode IKT-kunnskapar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt Vi legg vekt på personleg eignaheit. Kvifor skal du velje oss? Jo, fordi vi har: Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring. Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag. God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren. Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben. Tilrettelagt turnus – her får du tilbud om langvakter og vi har i tillegg ønsketurnus. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Kristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier,, Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar,, Arbeidsstad Sjukehusvegen 10 5750 ODDA Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5194513472 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 22.02.2027 Søknadsfrist: 06.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free