Fagarbeidar eller assistent i barnehage - i inntil 100% mellombels stilling med snartleg oppstart
Gulen kommune · Dalsøyra
Don’t apply blind. See how your CV matches Childcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Gulen kommune
- Location
- Dalsøyra
- Posted
- November 8, 2026
About this job
Om stillinga Vil du vere med og skape ein trygg, leiken og meiningsfull kvardag for barna våre? I Gulen kommune står omsorg, leik, læring og gode relasjonar i sentrum for barnehagekvardagen. No søkjer vi ein engasjert og varm medarbeidar som vil bidra til å gi barna ein trygg start, gode opplevingar og høve til å utvikle seg. Vi ønskjer primært ein barne- og ungdomsarbeidar eller nokon med tilsvarande utdanning, men oppmodar òg søkjarar utan fagbrev til å søkje. Hjå oss får du bruke kunnskapen og erfaringane dine i eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid, nærvær og det beste for barna er viktige verdiar. Vi har ledig ei mellombels stilling i inntil 100%, med oppstart snarast mogleg og varigheit ut desember 2026. Stillinga er for tida knytt til Dalsøyra barnehage, som er ein del av eininga Dalsøyra barnehage og skule. Barnehagane i Gulen tilbyr Eit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen Arbeidsoppgåver Medverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med fagbrev/tilsvarande kompetanse, kan andre søkjarar verte vurderte Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag Grunnleggjande digital kompetanse Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling Personlege eigenskapar Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering Løn etter tariff
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Childcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Similar jobs
- Er du vores nye barnehagelærer ? · Villa Borgen Barnehage
- Pedagogisk leiar i Stordal barnehage · Fjord kommune
- Barne- og ungdomsarbeider/ barnehageassistent · Breidablikk barnehage, Lillestrøm kommune
- Barnehagelærer og barne- og ungdomsarbeider · Karlsøy kommune
- Ledig stilling i Hesseng barnehage · Sør-Varanger kommune Hesseng barnehage
- Barnehagelærer · Fauske kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card