Høgskulelektor i film og medieproduksjon - st.nr. 17/2026

Høgskulen i Volda · Volda

Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Høgskulen i Volda
Location
Volda
Posted
November 23, 2026

About this job

Om stillinga Brenn du for film, TV og audiovisuell innhaldsproduksjon, og har du lyst til å føre kompetansen din vidare til dei som skal forme framtidas medieproduksjon? Då kan dette vere stillinga du har venta på. Ved Høgskulen i Volda (HVO), Avdeling for mediefag (AMF), har vi ledig eit vikariat i 100 % stilling i film og medieproduksjon knytt til masterprogrammet Master in Media Practices (MMP), med oppstart 1. januar 2027 eller etter avtale. For rett søkjar er det mogleg å avtale ein redusert stillingsprosent, slik at ein kan halde fram med anna verksemd som er relevant for stillinga. Medieyrka er i rørsle. Journalistar, kommunikasjonsrådgjevarar, animatørar, produsentar og dokumentarskaparar arbeider tettare saman enn før, og skiljelinjene mellom faga blir mindre tydelege. Som einaste institusjon i landet tilbyr Høgskulen i Volda ei praktisk-teoretisk mastergrad i medieproduksjon der studentar frå ulike medieyrke møtest på tvers. Master in Media Practices er ei toårig mastergrad på 120 studiepoeng som gjev fordjupa kunnskap om medieyrket og forteljarformene i faget, saman med spesialisert innsikt i faktabasert medieproduksjon innanfor journalistikk, kommunikasjon, animasjon, produksjon og design. Her møtest fagfelta PR og kommunikasjon, journalistikk, grafisk design, animasjon og medieproduksjon i eit felles læringsmiljø, bygd rundt tema som er relevante for alle som skal arbeide profesjonelt i mediebransjen. Samarbeid med arbeidslivet står sentralt, og både nasjonale og internasjonale aktørar ser til Volda når dei ønskjer praksissamarbeid. Studentane våre får arbeide tett på lærarar med brei røynsle frå medieindustrien heime og ute, og programmet held gode band til fagmiljø og kollegaer over heile verda. I løpet av studiet vel studentane anten ei teoretisk retning med skriftleg masteroppgåve, eller ei praktisk-teoretisk oppgåve med ein produksjon innanfor eige fagområde saman med ein skriftleg del. Stillinga har eit særskilt ansvar for undervisning i filmfoto, og vi ser difor etter ein person som meistrar filmfoto og lyssetjing i alle situasjonar – ute på lokasjon, innandørs og i studio. Kvalifikasjonar Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av forskrift til universitets- og høyskoleloven. Den som vert tilsett må ha: Fullført mastergrad innanfor eit relevant fagområde Profesjonell røynsle med filmfoto og med produksjon av dokumentar- og oppdragsfilm Gode ferdigheiter i filmfoto og lyssetjing på lokasjon, innandørs og i studio God evne til å undervise og rettleie på både norsk og engelsk Flytande norsk munnleg og skriftleg Det er i tillegg ein fordel om du: Har erfaring med klipp og lyd Har erfaring med FoU- eller kunstnarleg utviklingsarbeid Har praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) eller tilsvarande Trivst med å dele kunnskap, samarbeider godt på tvers av fagfelt og har lyst til å vere med og utvikle eit tverrfagleg og praksisnært fagmiljø Søkjar må dokumentere eigen kompetanse, utdanning, arbeidserfaring, samt eventuelle FoU-arbeid og kunstnarleg produksjon. Det er ønskjeleg at søkjar legg ved dokumentasjon på filmar eller prosjekt med rollebeskriving som kan dokumentere søkjar sin kompetanse innan fagfeltet. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Arbeidsstaden er på campus ved Høgskulen i Volda. Arbeidsfelt Den som blir tilsett, skal undervise og rettleie innanfor heile spennet i medieproduksjon – frå filmfoto og lyssetjing til klipp og lyd. Vidare skal ein kunne følgje studentane gjennom alle fasane i ein produksjon, frå idéutvikling og førproduksjon, via produksjonsplanlegging og opptak, til ferdigstilling i postproduksjon. I tillegg vil det følgje administrative oppgåver med stillinga, mellom anna emneansvar. Vi tilbyr Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd. Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Høgskulen i Volda og Avdeling for mediefag har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt knytt til mediefag. Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn for stillingstypen ved Høgskulen i Volda. Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn frå kr. 668 341 - 816 118 i stillingskode 1008 høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Generell informasjon Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV ka

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

New Teacher & Education jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 485 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Pedagogy100% of postings
  • Montessori3% of postings
  • Assessment1% of postings
  • Languages1% of postings
Teacher & Education skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free