Lærar
Herøy kommune, Kvalifiseringssenter · Fosnavåg
Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Herøy kommune, Kvalifiseringssenter
- Location
- Fosnavåg
- Posted
- November 23, 2026
About this job
Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette. Vi har no ledig eit vikariat frå 1.1.27-30.06.27, (med moglegheit for forlenging) på 80 % som lærar for vaksne deltakarar. Kvalifiseringssenteret er organisert under sektor for kultur og oppvekst, saman med kulturavdelinga, skule, barnehage og kulturskulen. Arbeidsoppgåver Undervisning i norsk som andrespråk og grunnmodul (alfabetisering) i grunnskuleopplæring Undervisning i samfunnskunnskap og arbeidsnorsk Funksjon som kontaktlærar Samarbeid med arbeidsgjevarar i bedrifter i høve praksis for deltakarar på norskopplæring Tett samarbeid med flyktningtenesta og NAV Leggje til rette for best mogleg kvalifisering for å meistre eigen kvardag i Noreg Kveldsundervisning ein gong i veka kan påreknast. Kvalifikasjonar Godkjend lærarutdanning og studiepoeng i norsk Bør ha 30 studiepoeng i norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk Erfaring frå tilsvarande arbeid vil vere ein fordel God digital kompetanse Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter. Politiattest må leggast fram før tilsetjing. Personlege eigenskapar Verdisyn, interesse og engasjement for å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn Ønskje om å inspirere og motivere menneske i utfordrande livssituasjonar Fleksibel og motivert for varierte arbeidsoppgåver God formidlingsevne, har tydeleg kommunikasjon God på samarbeid i team og tverrfagleg samhandling Er målretta og har evne til å arbeide sjølvstendig Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i tillegg til kunnskap og erfaring. Vi tilbyr Eit aktivt, mangfaldig og sosialt arbeidsmiljø Fagleg utvikling, deling og læring i eit kompetanserikt fellesskap Heilskapleg tenking med undervisning, karriere, arbeidsliv og livsmeistring Personleg rettleiing og samhandling God pensjonsordning og fritidsforsikring Vi tilset på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarliste kan verte offentleggjort. Herøy kommune er kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25.000,- kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Kontaktinformasjon Camilla Storøy, Avdelingsleiar, kvalifiseringssenteret, Arbeidsstad Lisjebøvegen 23 6091 Fosnavåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5213583570 Stillingsprosent: 80% Engasjement Søknadsfrist: 07.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
New Teacher & Education jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 485 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Pedagogy100% of postings
- Montessori3% of postings
- Assessment1% of postings
- Languages1% of postings
Similar jobs
- Pedagogisk leder · Melby barnehage, Lillestrøm kommune
- Lærer / spesialpedagog · Vestfossen barneskole, Øvre Eiker kommune
- Har du lyst til å bidra til å gi elevene på avdeling Blå en lærerik og meningsfull dag? · Modum kommune Familie og oppvekst
- Barnehagelærer · Skogstunet
- Leken barnehagelærer? Søk hos oss! · Læringsverkstedet Tveit Barnehage As
- Er du vår nye pedagogiske leder? · Kirketunet Barnehage As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card