Professor II/Førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i medisin (samfunnsmedisin)

Universitetet i Bergen · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Universitetet i Bergen
Location
Bergen
Posted
November 18, 2026

About this job

Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Professor II/Førsteamanuensis Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som professor II eller førsteamanuensis (20 %, ekstraerverv «bistilling») i medisin (samfunnsmedisin) i tre (3) år frå tilsetjing. Stillinga er lagt til Fagområde for Epidemiologi og Statistikk, og knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) i Bergen kommune. Arbeidsstad er Alrek helseklynge. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. Arbeidsoppgaver vil bestå i forskning, undervisning og koordinering med Bergen kommune særleg knytta til samfunnsmedisinsk praksis Arbeidsoppgåver/forskingsområde: Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Undervisningsgruppa i samfunnsmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar. Kvalifikasjonar og eigenskapar: kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, cand.med og er enten ferdig spesialist eller under spesialisering i samfunnsmedisin. Kvalifiserte søkjarar må ha erfaring som stilling som kommuneoverlege. Det er ønskeleg at søkjar har brei kunnskap om samfunnsmedisinske emne. Det er ønskeleg at kandidaten har deltatt i undervisning og rettleiing av PhD-studentar og medisinstudentar, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. Det er eit krav for førsteamanuensis- og professorstilling at utdanningsfagleg kompetanse vert fullført seinast fire år etter tilsetjing, sjå retningsliner på Eining for læring. Universitetet tilbyr opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast. Vi tilbyr: Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling Professor: Løn er for tida kr 1 015 000 (kode 1013), løn for spesialist kr 1 035 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Førsteamanuensis: Løn er for tida kr 800 000 – 820 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 820 000 – 850 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. God pensjonsordning i Statens pensjonskasse Gode velferdsordninger Søknaden skal innehalde: søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga utfyllande CV, vitnemål og attestar fullstendig publikasjonsliste pedagogisk mappe, sjå Eining for læring ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider) namn og kontaktinformasjon til minst to referansar Det er

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Teacher & Education jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 524 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Pedagogy100% of postings
  • Montessori2% of postings
  • Assessment1% of postings
  • Languages1% of postings
Teacher & Education skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free