Barnehagelærarar på Flatraket
Flatraket barnehage, Stad kommune · Flatraket
Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Flatraket barnehage, Stad kommune
- Location
- Flatraket
- Posted
- November 11, 2026
About this job
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn? Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 18.03.2027. Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette. Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg. Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette. Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt. Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor. Alt dette kan DU vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus! Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar Samarbeide med øvrige tilsette Rettleiingsansvar for øvrige tilsette Kvalifikasjonar For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte, dersom det ikkje melder seg kvalifiserte barnehagelærarar. Personlege eigenskapar Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig Du har evne til å sjå det enkelte barnet Du har evne til å handtere ei større barnegruppe Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn Vi tilbyr Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar Godt og nært fagleg samarbeid Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Helena Gangeskar Fure på tlf. Kontaktinformasjon Helena Fure, Styrar Flatraket barnehage,, Arbeidsstad Fv618 220 6717 Flatraket Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5208435273 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Teacher & Education jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 527 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Pedagogy100% of postings
- Montessori2% of postings
- Assessment1% of postings
- Languages1% of postings
Similar jobs
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card