Klinisk pedagog
BUP Haugesund · Haugesund
Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- BUP Haugesund
- Location
- Haugesund
- Posted
- November 10, 2026
About this job
Brenn du for faget ditt, liker å engasjere deg og deler gjerne kunnskapen din med andre? Då kan du vere pedagogen vi leiter etter! Hos oss blir du ein del av eit engasjert og dyktig fagmiljø, der rause og trivelege kollegaer støttar og inspirerer kvarandre kvar dag. No har vi eit ledig vikariat i 100 % stilling ved poliklinikken. Stillinga er knytt til arbeid med barn frå 5 år og oppover. Vi ønskjer oss ein entusiastisk og engasjert spesialpedagog som kan vere med å styrkje fag og pasientforløp. Søker må ha erfaring fra BUP, PPT eller liknande. Vi nyttar varierte og kunnskapsbaserte behandlingsmetodar som B4DT (4-dagars), DBT, TF-CBT og EMDR. I tillegg tilbyr vi psykoedukasjonsgrupper, musikkterapi, recovery-kurs med erfaringskonsulent og hundeterapi – alt for å sikre eit heilskapleg behandlingstilbod for barna og ungdommane vi møter. Her får du høve til å gjere ein forskjell for barn og unge, i eit spennande arbeidsmiljø med eit sterkt fagleg fokus. Som ein del av vårt team får du nødvendig opplæring, kurs og vidareutdanning, slik at du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Hos oss får du høve til å bidra aktivt i fagutvikling og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod. Ein arbeidsplass der samarbeid står i sentrum Å jobbe med barn og unge inneber tett samarbeid med foreldre, skular og andre instansar. Difor ser vi etter deg som er god på samhandling, og som evnar å vere fleksibel når planane må justerast etter situasjonen. Vi legg stor vekt på å sikre samanhengande pasientforløp på tvers av tenester, slik at tilbodet i førstelinja og hos oss utfyller kvarandre heller enn å overlappe. Trivsel og fagleg utvikling Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø der vi set pris på kvarandre. Vi legg til rette for både fagleg og sosial utvikling gjennom: 🍽️ Felleslunsjar - der vi samlast og bygger gode relasjonar 📚 Fagdagar - for fagleg påfyll og vidareutvikling 💪 Tilbod om felles trening i arbeidstid - for å fremje både fysisk og mental helse 🌟 Hyggelege kveldsarrangement - fordi trivsel på jobb også handlar om gode opplevingar saman Her får du ein jobb der du kan utvikle deg fagleg, bidra til noko meiningsfullt – og samtidig trivast på jobb! 👉 Søk i dag – vi gler oss til å møte deg! Ring gjerne til funksjonsleiarar Margrethe R. Aase eller Marit Ness om du vil vite meir om stillinga. Kva går jobben ut på? Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom. Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i BUP si utvikling via fagnettverk. Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Vi søkjer primært etter klinisk pedagog med erfaring frå arbeid i BUP. Krav: Relevant pedagogisk utdanning på masternivå. Erfaring frå BUP, PPT eller tilsvarande utgreiings- og oppfølgningstenester. Gode norskkunskapar, både munnleg og skriftleg. Det er ønskjeleg med: Erfaring frå arbeid i BUP. Munnlege engelskkunnskapar. Erfaring frå multikulturelt og fleirspråkeleg arbeid. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med klinisk pedagogisk kompetanse, kan det vere aktuelt å tilsetje søkjarar med spesialpedagogisk utdanning eller anna relevant pedagogisk masterutdanning, kombinert med erfaring frå BUP, PPT eller tilsvarande verksemd. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: Har evne til samarbeid og formidling av kunnskap internt og eksternt. Er god til å bygge trygge, støttande og tillitsfulle relasjonar til barn og unge. Arbeider strukturert og sjølvstendig. Er kreativ, nytenkjande og fleksibel. Personlege eigenskapar blir vektlagde i henhold til eksisterande team. Personleg presentasjon, CV og referanser blir også vektlagd i rekrutteringsprosessen. Vi tilbyr Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling. Arbeid i tverrfaglege team. Moglegheit for kompetanseheving. Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer. Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid. Litt om oss BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal). Vi har poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpostane har akuttfunksjonar og dekker heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team. BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Kontaktinformasjon Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar BUP Haugesund, Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar poliklinikk, Margrethe R. Aase, Funksjonsleiar poliklinikk, Gabrielle Leah Dickson, Konsulent,, Arbeidsstad Vinjes gate 10 5522 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5150446400 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 25.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Teacher & Education jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 527 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Pedagogy100% of postings
- Montessori2% of postings
- Assessment1% of postings
- Languages1% of postings
Similar jobs
- Lærer i akvakultur · Val Skoler AS
- Pedagogiske ledere · Trollskogen Barnehage Bjørndal
- Lærer i hestefag · Val Skoler As Avd Vgs
- Barnehagelærer · Norlandia Nyhavn
- Er du vår nye friluftsinteresserte pedagogisk leder/barnehagelærer? · Kroerbarnehagen DA
- Vikariat som pedagogisk medhjelper til Reggio Emilia barnehage · Norlandia Myrertoppen Barnehage
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card