Midlertidig lærarstilling
Gjemnes kommune Angvik Skule · Angvik
Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Gjemnes kommune Angvik Skule
- Location
- Angvik
- Posted
- November 5, 2026
About this job
Vil du bli ein del av eit engasjert og inkluderande lærarteam? Gjemnes kommune ligg vakkert til på Nordmøre, midt mellom Kristiansund og Molde. Med sine naturskjønne omgjevnader byr kommunen på flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt, perfekt for deg som likar ein aktiv livsstil. Kommunen har omlag 2700 innbyggjarar. Vi har eit godt arbeidsmiljø, der vi byggjer verksemda vår på lagånd, ansvarleggjering og lojalitet, med eleven i sentrum. Om skulen Angvik skule er ein fådelt barneskule, 1.-7. med omlag 40 elevar. Vi er 10 tilsette som kvar dag arbeider for å gi elevane eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Skulen vart renovert i 2024 og har moderne fasilitetar. Visjonen til oppvekssektoren er: "Vi lar flammen brenne!" Vi ønskjer å gi elevane eit sterkt sjølvbilete, tryggleik i samhandling med andre og lyst til vidare utdanning. Som ein del av Oppvekstnettverk Nordmøre deltek vi aktivt i læringsløypa språk og skriv. Vi er òg med i prosjektet "Læring i friluft". Vi har med atterhald, ledig ei mellombels lærarstilling fram til 31.7.2027 med moglegheit for forlenging. Vi ser etter deg som: Har eit positivt elevsyn og skaper gode relasjonar til elevane. Er ein inkluderande, tydeleg og omsorgsfull klasseleiar. Er utviklingsorientert, fleksibel og endringsvillig. Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Har gode digitale ferdigheiter og evnar å bruke teknologi i undervisninga. Er engasjert, motivert og brenn for læring og utvikling. Kvalifikasjonskrav Godkjend lærarutdanning i samsvar med opplæringslova § 17-3. Vi tilbyr Ein spennande arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø. Gode utviklingsmoglegheiter og deltaking i faglege nettverk. Løn etter gjeldande regelverk. Medlemsskap i Statens pensjonskasse. Yrkesskade- og gruppelivforsikring. Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg til rette for arbeidsforholda ved behov. Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Dersom du ønskjer unntak frå innsyn, må dette grunngivast i søknaden. Søkjarar som ikkje får innvilga ønsket om unntak, vil bli varsla. Den som blir tilsett, må før tiltredning leggje fram politiattest i samsvar med opplæringslova § 17-11. Tilsetjing skjer under føresetnad av at politiattesten ikkje inneheld merknader som er til hinder for tilsetjing. Busette i Gjemnes kommune får nedskriving av studielånet sitt frå og med januar 2026. Er du klar for ein givande jobb der du kan gjere ein forskjell? Send inn søknaden din i dag! Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Teacher & Education jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 527 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Pedagogy100% of postings
- Montessori2% of postings
- Assessment1% of postings
- Languages1% of postings
Similar jobs
- Vikariat for barnehagelærer i 100% stilling · Mobarn Øverland Barnehage As
- Vikariat for pedagogisk leder hos Mobarn Øverland AS · Mobarn Øverland Barnehage AS
- Bussjåfør kl. D/pedagogisk medarbeider med interesse for naturen som læringsarena · Mobarn Øverland Barnehage As
- Vikariat for barnehagelærer i 100% stilling · Furuly Barnehage Råde As
- Pedagogisk leder i 20% fast stilling på onsdager · Petrine Barnehage
- Barnehagelærer · Hofmoen Barnehage
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card