Evanger barnehage søkjer barnehagelærar

Voss herad Evanger barnehage · Evanger

Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Voss herad Evanger barnehage
Location
Evanger
Posted
November 2, 2026

About this job

Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg frå 1. desember eller etter avtale. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.» Me tilbyr rekrutteringstillegg kr 20 000 for barnehagelærar i 100% faste stilling ved fyrstegongs tilsetting i Voss herad. årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad gode vilkår for fagleg utvikling eit godt tverrfagleg og sosialt miljø ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg gode forsikrings- og pensjonsordningar løn etter kommunalt avtaleverk Arbeidsoppgåver planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø Kvalifikasjonar du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk andre søkjarar kan bli vurdert Me ynskjer deg som er målretta og fleksibel som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar er varm og grensesetjande er utadvent med evne til å kommunisera godt både skriftleg og munnleg Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen. Informasjon om barnehagen: Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Teacher & Education jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 527 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Pedagogy100% of postings
  • Montessori2% of postings
  • Assessment1% of postings
  • Languages1% of postings
Teacher & Education skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free