Tilkallingsvikarar

BØMLO BU- OG HELSESENTER · Bremnes

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
BØMLO BU- OG HELSESENTER
Location
Bremnes
Posted
May 25, 2026

About this job

Har du lyst til å vera tilkallingsvikar på Bømlo bu- og helsesenter? Bømlo bu- og helsesenter (BBH) er ein sjukeheim med både langtid- og korttidsplassar fordelt på 4 ulike pasientavdelingar; Post 1 Nord, Post 2 sør og Korttid- og rehabilitering (KOR) på Svortland, og Teiglandshagen bufellesskap som ligg lokalisert på Moster. I tillegg har me eigen kjøkkenavdeling og reinhaldsavdeling på helsehuset på Svortland. Alle våre avdelingar har i periodar behov for tilkallingsvikarar. Ved BBH har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variera ut frå behovet i den aktuelle avdelinga: KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 16 korttid- og rehabiliteringsplassar. Avdelinga har eit veldig godt arbeidsmiljø og legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta. Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 32 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande. Teiglandshagen er eit bufellesskap med 16 plassar for personar med demenssjukdom. Bufellesskapet ligg lokalisert i Mosterhamn. Avdelinga har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Deira mål er å gi god individretta pleie og behandling tilpassa den enkelte pasient, der det blir lagt stor vekt på aktivisering og målretta miljøarbeid. Kjøkkenet har ansvar for å produsere middag til heimebuande og dei som bu på institusjonane. I tillegg har desse ansvar for kantinedrift på helsehuset og rådhuset. Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. Kvalifikasjonar Me søkjer: Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre med fullført helsefagleg utdanning. Studentar og elevar innan relevant helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert. Assistentar til korttid- og og langtidsavdelingane. Kokk/kjøkkenassistent til kjøkkenet. Assistentar til reinhald. For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du helst ha fylt 18 år, men me kan vurdere søkjarar som er mellom 16-18 år og som er under helsefagleg utdanning. Personlege eigenskapar Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre. Du er fleksibel og løysingsorientert. Du er positiv, engasjert og interessert i helse. Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre. Du er påliteleg og ansvarsfull. Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. Vi tilbyr Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune. Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder. Andre opplysingar Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25. Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med dei ulike avdelingsleiarane eller verksemdleiar Monica Smedsrud. Kontaktinformasjon Monica Smedsrud, Verksemdleiar,, Isabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR,, Kristina H. Pettersen, Avdelingsleiar Post 1 Nord,, Solveig G. Madsen, Avdelingsleiar Post 2 Sør,, Chatrin P. Risøy, Avdelingsleiar Natt og Reinhald,, Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar Teiglandshagen,, Ann Mari Mikalsen, Kjøkkenleiar,,,no Arbeidsstad Leirdalen 25 5430 Bremnes Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5133030884 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 18.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free